14435 av totalt 16053 søkjarar til vidaregåande opplæring i Hordaland får no melding om inntak i skole. 92,5 prosent av dei søkjarane som har rett til vidaregåande opplæring, får det første kursønske sitt oppfylt. Søkjarar i alderen 16 - 19 år har rett t
I alt har 1309 søkjarar utan opplæringsrett søkt vidaregåande opplæring. 580 av desse har fått tilbod.
- Det er i år nokre fleire søkjarar til vidaregåande skolar enn i fjor. Størst auke er det i søknaden til vidaregåande skolar i Bergen sør, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.
Han opplyser at etter første inntak står om lag 1034 søkjarar med rett til opplæring utan tilbod. Søkjarar på venteliste er spreidde over heile fylket, men dei fleste kjem frå Bergen, Sotra og Askøy der 807 står på venteliste. For resten av fylket fordeler ventelistene seg slik:
Sunnhordland: 48
Kvinnherad: 16
Voss/Hardanger: 45
Os/Fusa: 38
Nordhordland: 56
Det er framleis 815 ledige skoleplassar i fylket. Dei fleste finn vi på allmennfagleg studieretning.
Dei som har fått tilbod om plass, må svare innan 24 juli.
Nye meldingar om inntak (2. inntaksomgang) vil vere klart for utsending innan 5. august.
Dato for 3. inntaksomgang er sett til 14. august.
Dei fleste søkjarane med rett til vidaregåande opplæring vil få eit tilbod til skolestart. Søkjarar med rett til vidaregåande opplæring som enno ikkje har fått tilbod om plass, vil få brev med invitasjon til skriftleg samtale med Inntakskontoret, opplyser Skavhellen.
Skolane i Hordaland tek til 19. august.
Nils Marton Aadland