Ruth Ørnholt ny fylkesbiblioteksjef

Ruth Ørnholt er tilsett som ny fylkesbiblioteksjef i Hordaland. Ho tok over etter Tove Pemmer Sætre, som har tatt til i stillinga som hovudbibliotekar ved Høgskolen i Bergen. Ørnholt har arbeidd ved fylkesbiblioteket sidan 1994. - Vi kjem til å køyre vid

Ruth Ørnholt har ei brei og allsidig yrkeskarriere. I 1981 var ho ferdig med utdanninga si ved Statens bibliotekskule. Etter den tid har ho hatt ulike stillingar, både i offentlege og private verksemder.
I 1994 blei Ruth Ørnholt tilsett ved fylkesbiblioteket. Ho hadde i lang tid høyrt mykje positivt om Fylkesbiblioteket i Hordaland, og ville gjerne bli ein del av dette spanande miljøet.
- Eg tok kontakt med Tove Pemmer Sætre for å høyra om det var ledige stillingar der. Det viste seg at ein av dei tilsette skulle har eit års permisjon, så eg fekk innpass. Sidan den tid har eg arbeidd ved fylkesbiblioteket, fortel ho.
I juni i fjor blei Ruth Ørnholt konstituert som fylkesbiblioteksjef. Eit år seinare blei ho fast tilsett i stillinga.

Ruth Ørnholt har ingen planar om å revolusjonera fylkesbiblioteket. I staden skal ho byggja vidare på det gode sporet hennar forgjengar har lagt.

Samarbeid eit viktig stikkord
Den nye fylkesbiblioteksjefen vil fokusera mykje på samarbeid i tida som kjem.
- Så lenge dei fleste kommunane er for små til å utvikle fullgode bibliotek- og informasjonstenester, vil det vera trong for eit regionalt bibliotek som kan stimulere til samarbeid og som kan utføre støttetenester. Vi har mykje spisskompetanse som dei mindre biblioteka har stor nytte av, påpeikar Ørnholt.

Ho vil og sjå nærare på bibliotekstrukturen. Det kan vere rett å leggje ned små bibliotekfilialar for å heller satse på færre og betre einingar, og erstatte dei som fell bort med bokbussar.

Modellbibliotek i den vidaregåande skulen
Fylkesbiblioteket vil i samarbeid med Opplæringsavdelinga også rette fokus på biblioteka ved dei vidaregåande skulane. Målet er å etablere eit modellbibliotek ved ein ny skule. I tillegg vil vi freiste å byggje opp eit modellbibliotek ved ein eldre skule, fortel Ørnholt.
- Vi må nok innrømme at biblioteka ved dei vidaregåande skulane ikkje har den kvalitet vi gjerne skulle hatt. Det er ei utfordring vi no vil gripe fat i, seier ho.

Kven er så privatpersonen Ruth Ørnholt? Slik omtalar ho seg sjølve;
- Eg er 47 år, har tre born og er busett i Bergen. Eg likar godt å gå turar i fjellet, lesa, og gå på kino og teater.

Nils Marton Aadland

10.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart