Publikum generelt godt nøgd med kvaliteten på buss- og båtreiser

Passasjerane er generelt godt nøgde med kvaliteten på buss- og båtreiser her i fylket. Den fjerde halvårlege kvalitetsmålinga Opinion har gjennomført for Hordaland fylkeskommune, stadfester dermed resultata frå dei tidlegare målingane.

Passasjerane er generelt godt nøgde med kvaliteten på buss- og båtreiser her i fylket. Den fjerde halvårlege kvalitetsmålinga Opinion har gjennomført for Hordaland fylkeskommune, stadfester dermed resultata frå dei tidlegare målingane.

For dei største selskapa, Gaia Trafikk og HSD Buss, viser vårmålinga i år ei positiv utvikling. Desse selskapa har tidlegare skåra noko lågare enn dei mindre, men forskjellen er no liten.
Kvalitetsmålinga er utført mellom eit representativt utval på vel 2300 passasjerar. Passasjerane vert bedne om å gje karakter på ein skala frå 1-6, der 6 er best kvalitet. Gjennomsnittskarakteren frå passasjerane ligg våren 2002 litt høgare enn ved målinga i fjor haust. Indeksen som omfattar alle kvalitetselementa varierer i vår mellom 4,5 og 4,8, medan tilsvarande tal i fjor haust var mellom 4,2 og 4,7.

Gaia Trafikk (4,5) og HSD Buss (4,5) oppnår dei høgaste skårane sidan målingane starta. BNR (som no er ein del av HSD vert framleis skild ut som ei eigen region) held stabil skår (4,5 denne gongen), og det same gjer Modalen og Eksingedalen bilruter (4,7), Odda Rutebiler (4,8) og HSD Sjø (4,6).
På indeksen for kvaliteten på dei elementa selskapa i stor grad har kontroll over ligg skåren for alle litt høgare, mellom 4,8 og 5,3. Ved førre måling varierte skåren mellom 4,6 og 5,2.

Busspassasjerane er mest nøgde med at bussane er punktlege, at tidsbruken på reisa er som venta og at det er høve til å finna sitjeplass. Minst nøgde er passasjerane med billettprisen. Og fleire selskapa skårar lågt på ruteinformasjon på haldeplassar og terminalar. På dette punktet kjem Gaia Trafikk og HSD Sjø klart best ut. Kvalitetsmålingane er eit element i den nogjeldande avtalen mellom Hordaland fylkeskommune og ruteselskapa.>br> For nærare informasjon, sjå rapporten som ligg ved.

Stanley Hauge

08.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart