Hordaland-elevar laga sorteringsmaskin for euro

Saman med fire andre skular i Europa har elevar og lærarar ved Arna yrkesskule og Stord yrkesskule og tekniske fagskule utvikla ein robot som sorterer euromynt. I vår blei den ferdige maskina presentert på ei stor tilstelling i Belgia.

Til saman har tre VK2 klassar i automatiseringsmekanikk ved Arna yrkesskule og tre VK2 kull på automatikarlinja ved Stord yrkesskule og tekniske fagskule arbeidd intenst med utviklingsprosjektet, som tok til i 1999.

Då Europa gjekk over til euro, blei det aktuelt å samla inn gamle myntar. Utfordringa var å konstruera eit datastyrt robotsystem som kunne kjenna igjen det einskilde land sine pengar og sortera dei i kvar sin boks. Skular Belgia, Polen, Tsjekkia og Noreg gjekk saman om jobben. Frå Noreg deltok Arna yrkesskule og Stord yrkesskule og tekniske fagskule.

I vår blei vedundermaskina presentert ved ei offisiell EU-tilstelling i Belgia. EU ønskjer å utvikla skuleverket i Europa til eit toppnivå i verdssamanheng mellom anna ved å utveksla teknologi mellom skular i ulike land. Prosjekta blir delvis finansiert av EU.

Ulike ansvarsområde
Rektor Magne Wiik ved Arna yrkesskule fortel at dei ulike skulane som var med i prosjektet har hatt kvar sine ansvarsområde i utviklinga av roboten. Arna yrkesskule har utvikla dataprogrammet som styrer myntsorteringa. Stord yrkeskule og tekniske fagskule har hatt ansvaret for ein dataanimasjon som viser korleis roboten fungerer i praksis.
- Alle dei tre klassane våre som har arbeidd med sorteringsmaskina har fått kvar sin tur til byen Bilzen i Belgia, der koordinatskulen for prosjektet ligg. Forutan fellessamlingane i Belgia, har korrespondansen mellom skulane skjedd via e-post og faks, fortel Wiik.

God læreprosess
Han strekar under at føremålet med prosjektet ikkje har vore det ferdige produktet, men den omfattande læringsprosessen under vegs, både fagleg, språkleg og kulturelt.
- Det er inga tvil om at både elevar og lærarane har lært svært mykje. Eg er overtydd om at vi har fått ein rikare skulekvardag. Konstruksjonen og testinga av sorteringsmaskina involverte ei lang rekkje fag. Arbeidsspråket var engelsk. Ikkje minst har vi sett korleis arbeidslivet fungerer i ulike land, seier Wiik.

Nils Marton Aadland

15.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart