Bergen Handelsgym blir demonstrasjonsskule

Som éin av seks vidaregåande skular i landet, er Bergen Handelsgymnasium (BHG) vald ut som demonstrasjonsskule. Utmerkinga er eit resultat at dei gode resultata skulen har oppnådd ved å betre læremiljøet. Som demonstrasjonsskule får BHG ein million kroner

Rektor Odd Øvretveit er svært glad for at undervisinga ved skulen blir lagt merke til. Då utnemninga kom, reiste han til Oslo og fekk overrekt diplom av utdanningsministeren.
- Dette er ei annerkjenning av måten vi legg opp undervisinga på. Vi har utmerka oss i arbeidet med å heve kvaliteten i skulen, men vi føler oss langt frå perfekte. Når vi vitjar andre skular, er det alltid noko der som imponerer oss, seier Øvretveit.

Svært gode resultat
Inspektør Margrethe Fredhøi seier skulen har oppnådd svært gode resultat ved å satse på elevaktiviserande måte å lære på.
- Gjennom differensieringsprosjektet gjekk vi for to år sidan delvis bort frå timeplanen på grunnkurs og innførte meir tverrfagleg prosjektarbeid, problembasert læring, samarbeidslæring og bruk av IKT. Elevane blir delte inn i grupper på tre og får, innafor eit tema, velje eit emne dei skal arbeide med over ei veke eller to, seier Fredhøi.

Formidling
Mange har vore innom skulen for å få informasjon om undervisingsopplegget. Som demonstrasjonsskule får Bergen Handelsgymnasium ein million kroner, fordelt over to skuleår, til å informere om opplegget.
- Vi har brukt utruleg mykje tid til å presentere dette for andre skular og gjester. No får vi eit apparat til å presentere dette. Pengane skal gå til å formilde undervisingsopplegget vårt til andre. Det er svært viktig å vidareutvikle produktet av godt læringsmiljø.

239 søkte
Totalt søkte 239 skular om å bli demonstrasjonsskular etter at utdanningsministeren sette prosjektet i gang i april. I alt sleppte 22 skular gjennom nålauget: Seks vidaregåande skular, seks ungdomsskular og 10 barneskular. Minde barneskule er den andre skulen frå Hordaland som blir demonstrasjonsskule.

Bjarte Brask Eriksen

11.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart