- Det er svært gledeleg at Møre og Romsdal fylkeskommune no signaliserer at dei er interessert i å vere deltakarar i eit Vestlandsråd. Heile landsdelen vil bli styrka dersom dei fire vestlandsfylka arbeider tett saman, seier fungerande fylkesordførar i Ho
I vår har fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane vedteke å opprette eit Vestlandsråd som skal arbeida for å utvikle Vestlandsregionen mellom anna gjennom felles satsingar, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen. Vestlandsrådet skal etablerast med verknad frå 01.01 2003, og vil vera eit viktig element i fylkeskommunane si rolle som regional utviklingsaktør.
Ved tidlegare høyringsuttaler har Møre og Romsdal fylkeskommune vore skeptisk til å opprette eit Vestlandsråd. No tyder mykje på at denne haldninga har endra seg. Fylkesordførar i Møre og Romsdal, Ole Eimund Øverland, gjev uttrykk for dette eit brev til fylkesordføraren i Hordaland.
I brevet heiter det mellom anna:
”Møre og Romsdal har i fleire år jobba saman med vestlandsfylka både i einskildsaker og i SAVOS. Vi ønskjer med dette å tydleggjere vår interesse av å kunne vere deltakar i eit Vestlandsråd fordi vi ser at mange av dei problemstillingane og utfordringane vi har i Møre og Romsdal er samanfallande med resten av Vestlandet”.
- Fylkestinget i Møre og Romsdal skal handsama denne saka i oktober. Vi ønskjer Møre og Romsdal hjarteleg velkommen i Vestlandsrådet. Signalet frå Møre og Romsdal om eit tettare samarbeid med dei tre andre vestlandsfylka er svært gledeleg. Eg er overtydd om at heile Vestlandet vil koma styrka ut av eit nært og godt samarbeid, seier fungerande fylkesordførar i Hordaland, Torill Selsvold Nyborg. Ho minner om at Vestlandet er ein svært viktig verdiskapar i nasjonal målestokk. I tilegg er ¼ av Noregs befolkning busett her.
- Ingen skal vera i tvil om at Vestlandet har store mulighetar dersom vi alle jobbar i same retning, seier Selsvold Nyborg.
Nils Marton Aadland