- Feilgrep å gjera barnevernet statleg

Det er eit feilgrep at også barnevernet no skal overførast til staten og ikkje lenger vera under folkevald styring. Det seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg i eit intervju med Bergens Tidende.

Fylkesvaraordføraren fortel til Bergens Tidende at ho er svært vonbroten over at barne- og familieministeren har bestemt seg for å organisera barnevernet etter same modellen som dei fem regionale helseforetaka.

Dermed vert barnevernet teke ut or fylkeskommunen og dei folkevalde sine hender. Sjølv om statsråd Laila Dåvøy legg vekt på at kommunane si rolle skal styrkjast, er Selsvold Nyborg likevel ottesam for at nærleiken til brukarane vert dårlegare, samanlikna med i dag.

Styrt frå Stavanger
- Dei som i dag lyt ha hjelp hjå barnevernet, vert stort sett tekne hand om der dei bur. Avstanden til dei som heretter skal ta viktige avgjerder vert monaleg lengre. Eg ser det t.d. som uheldig at ein eller annan byråkrat heilt sør i Stavanger skal sitja og bestemma over lagnaden til folk her i Hordaland, seier ho. Selsvold Nyborg minner om at kommunane sjølv hadde ansvaret for barnevernet til fylkeskommunen overtok i 1980. Etter hennar vurdering har fylkeskommunen bygt opp eit profesjonelt apparat med gode tilbod.

Nils Marton Aadland

10.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart