Vestlandsutgreiinga ut på brei høyring

Vestlandsutgreiinga skal sendast ut på ei brei høyring i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal fylkeskommune vert invitert til å gje fråsegn om utgreiinga og til å ta del i den vidare prosessen dersom fylket ynskjer det. Fylkestinga ska

Dette er nokre av punkta i fråsegna som vart vedteken på det felles møtet mellom fylkesutvala i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i Bergen 24. januar. Fråsegna handlar om korleis det vidare arbeidet med Vestlandsutgreiinga, skal leggjast opp.

Vestlandsutgreiinga handlar om modellar for korleis dei tre fylkeskommunane kan utvikla eit tettare samarbeid eller eventuelt slå seg saman.

På fellesmøtet vart denne fråsegna vedteken:

«Vestlandsutgreiinga

Fråsegn frå Fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, samla til fellesmøte i Bergen 23-24. januar 2002

1. Fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har i fellesmøte 23-24. januar 2002 fått presentert ”Vestlandsutgreiinga” som er utarbeidd av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforsking på oppdrag frå dei tre fylkeskommunane.

2. Dei tre fylkesutvala ser på den framlagde utgreiinga som eit godt grunnlag for vidare arbeid med å utvikle Vestlandsregionen.

3. Rapporten gir også nyttige innspel til debatten om korleis regionane kan hevde sine interesser og sikre regionalt forankra mål og strategiar for utvikling og utbygging av samfunns- og næringsliv.

4. Utviklinga av Vestlandsregionen vil vere med å sikre og styrkje det regionale folkestyret. Målet må vere å få ein regional utviklingsaktør med større myndigheit til å løyse eksisterande og nye oppgåver betre enn i dag.

5. Rapporten blir no sendt ut på brei høyring i kvart av fylka. Samtidig skal den drøftast nærare i møte med dei større byane i regionen og i høyringsmøte med kommunar, næringsorganisasjonar, kunnskapsinstitusjonar og andre viktige samarbeidspartnarar.

6. Fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til å gje fråsegn for m.a. å få deira vurdering av den vidare utviklinga av Vestlandsregionen og eventuell deltaking i den vidare prosessen.

7. Fylkestinga i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal behandle rapporten i juni 2002, og vil då ta stilling til kva modell som skal leggjast til grunn for utviklinga av Vestlandsregionen.»

Fråsegna vart samrøystes vedteken med unnatak av pkt. 4 som Fremskrittspartiet sine representantar reserverte seg mot.

Les heile pressemeldinga frå fellesmøtet

biletet ser vi dei tre fylkesordførarane Roald Bergsaker, Rogaland (f.v.), Gisle Handeland, Hordaland og Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane.

Stanley Hauge

25.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart