I desember 2001 var trafikken 233.877 passeringar, eller 7.544 pr. døger. Dette er ein auke på 2,5 % i høve til desember 2000. Vel 19,6 mill. køyretøy har passert brua sidan den vart opna.
Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:
År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døger
1994 - 583 171 - - 6 012
1995 - 2 376 183 - - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 3.064 086 - 4,0 - 8 395
Lånegjeld
Den 12. desember 2001 vart lånegjelda nedbetalt med 75 mill kr.
Restgjelda på Nordhordlandsbrua kan etter dette spesifiserast slik:
5,32 % obligasjonslån forfall 30. juni 2003 350 mill kr
6,70 % Kommunalbanken forfall 21. mars 2002 75 mill kr
Sum 425 mill kr
Spesifikasjonen viser lånegjelda pr. i dag. Ved forfall vert låna nedbetalte i den grad ein får inn bompengar til dette. Låna vil verta delvis fornya inntil restgjelda er nedbetalt.
Vegdirektoratet har i tidlegare prognoser lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt innan utgangen av 2005. Vegdirektoratet skriv no (november 2001) at prosjektet vil vera nedbetalt i 1. halvår 2006. Det er truleg den låge trafikkauken i år 2000 som har fått Vegdirektoratet til å endra syn. Dersom trafikkauken held fram som i 2001 (4 %), tilseier våre utrekningar at bompengeinnkrevjinga kan avsluttast i 1. kvartal 2006.
Les pressemeldinga i word-format

Nils Marton Aadland