Takk og farvel Ølen - lukke til vidare

- På vegne av Hordaland fylkesting vil eg få takka innbyggjarane i Ølen kommune for den store innsatsen dei har gjort for fellesskapet i fylket. Dei einskilde i Ølen kommune har vore ein uvurderleg ressurs i utviklinga av Hordaland fylkeskommune.

Det sa fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg søndag 30 desember, då Ølen kommune sin overgang frå Hordaland til Rogaland fylke blei offisielt markert.

Fylkesvaraordføraren peika i helsinga si på at Ølen kommune sin overgang til Rogaland fylke endrar gamle grenser. Heilt sidan middelalderen har Etne, Skånevik og Ølen markert sørflanken i Hordaland fylke. Eit langt og historisk samliv er no over.

Ølen kommune går ikkje tomhendt til Rogaland.
- Som det hør og bør får dei med seg ei medgift. Eg kan nemna at verdien på medgifta er stor. Berre Ølen vidaregåande skule er bokført med rundt 40 millionar kroner, påpeika Selsvold Nyborg, som håpa at Ølen kommune blir teken imot med opne armar og mykje kjærleik frå Rogaland fylke.

- På vegne av Hordaland fylkesting vil eg takka Ølen kommune og ønskja lukke til vidare. Til Rogaland fylkeskommune seier eg: Ta godt vare på Ølen og dei som bur der, sa fylkesvaraordføraren.

Nils Marton Aadland

02.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart