Stortingsvedtaket om det nye fylket må gjennomførast straks

Dei nye oppgåvene som Stortinget har vedteke skal leggjast til fylkeskommunen må no gjennomførast raskt og effektivt i samsvar med Stortinget sitt vedtak, krev fylkesutvala i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i ei felles fråsegn til Regjering og Sto

Fråsegna vart vedteken på fellesmøtet mellom dei tre fylkesutvala i Bergen 24. januar. Fråsegna fekk tilslutnad frå alle partia med unnatak av Fremskrittspartiet.

Fråsegna lyder:

«Fråsegn frå fylkesutvala i Sogn og Fjordane, Hordaland, og Rogaland samla til fellesmøte 23.-24. januar 2002:

1. Stortinget vedtok våren 2001 å styrkje det folkevalte regionale styringsnivået gjennom m.a. overføring av nye, viktige oppgåver til fylkeskommunane, og gje den nye fylkeskommunen ei viktigare rolle i utviklinga av samfunns- og næringsliv i regionen. Denne reforma må no gjennomførast raskt og effektivt i samsvar med Stortinget sitt vedtak.

2. For liten del av den verdiskapinga vi bidrar til, kjem Vestlandet til gode. Samarbeidet mellom fylkeskommunane på Vestlandet gir eit særleg godt grunnlag for at regionen kan overta eit større ansvar for samfunns- og næringsutviklinga, og overta oppgåver og råderetten over ressursar som i dag blir styrt av statlege styresmakter nasjonalt og regionalt.»

Les heile pressemeldinga frå fellesmøtet

biletet ser vi fylkesordførar Roald Bergsaker i Rogaland (ståande) og fylkesordførar Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane (sitjande), fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Per Drageset (t.h.) og fylkesrådmann i Hordaland, Paul M. Nilsen (bak).

Stanley Hauge

24.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart