Rapport om samarbeid eller samanslåing på Vestlandet

Dei tre fylkeskommunane på Vestlandet drøftar ulike måtar for samarbeid. Ein rapport med tre modellar for samarbeid og tre modellar for samanslåing er lagt fram. Modellane omfattar alt frå samarbeid utan å endre tal tilsette eller administrasjonsstader ti

Dei tre fylkesordførarane, Roald Bergsaker i Rogaland (t.v.), Gisle Handeland i Hordaland, og Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane, la fram rapporten på ein pressekonferanse i Fylkeshuset i Bergen 10. januar. Bakgrunnen er ønskje om eit nærmare samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane. I tillegg ønskjer Hordaland og Rogaland å vurdere premissane for ein mogeleg større regional eining på Vestlandet.

Rapporten skisserer tre modellar for samarbeid mellom dei tre fylka: Produksjonsmodellen går på samarbeid som kan utnytte stordriftsfordelar. Dette kan til dømes vere administrative støttefunksjonar som innkjøp, rekneskap og revisjon.

SavosII-modellen går ut på å halde fylkesstrukturen mest mogeleg uendra og samarbeide om felles utfordringar utad.

Landsdelsmodellen har større ambisjonar enn desse to og går ut på å etablere eit sterkt politisk samarbeidsorgan som kan vere ein pådrivar for utvida samarbeid, spesielt med tanke på regionale utviklingsoppgåver.

I rapporten er det og skissert tre modellar for samanslåing av fylka. Nettverksmodellen går på samarbeid som sameinar fordelane med ein større regional eining med desentralisert lokalisering av administrative tenester. Dei administrative tenestene kan vere minst like desentraliserte som i dag, men for å få til godt samarbeid, må det utviklast eit IT-nettverk som tillett administrativt personale å samarbeide over geografiske avstandar.

Konsernmodellen går ut på å utvikle ein meir slagferdig organisasjon på regionnivå gjennom spesialisering og arbeidsdeling. Ved å lokalisere ulike "divisjonar" i konsernet til dei etablerte fylkessentra er det mogeleg å motverke sentralisering

Storfylkemodellen har som mål å effektivisere offentleg sektor ved å redusere tal årsverk i administrative tenester. Det kan skje ved sentralisering av politiske og administrative funksjonar til éin stad.

Fylkesutvala i dei tre fylka møtest i Bergen 23. og 24. januar i eit felles møte for å drøfte rapporten. Endeleg behandling skjer i dei tre fylkestinga i juni.

Les heile rapporten (versjon 2) som er laga av Rogalandsforskning, Vestlandsforsking og Møreforskning (pdf-fil, kan ta litt tid å laste ned)

Bjarte Brask Eriksen

10.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart