
På biletet ser vi Handeland på standen til Sandsli videregående skole der han blir servert av elevane Charlotte Gullaksen (nærmast) og Cecilie Halvorsen ved baker- og konditorlinja. Dei skal gå eitt år på linja. Deretter skal dei ut i lære i to år.
- Dette er eit kjempespennande fag, seier dei to elevane.
5000 elevar påmeldt
Yrkesmessa 2002 er nyskapande, aktiv, kreativ og informativ. Den er spesielt for elevar i 10. klasse og grunnkurselevar. Hordaland fylkeskommune og Opplæringskontora i fylka er tilskipar. Meir enn 5000 elevar er påmeldt. Om kvelden, mellom 18.00 og 21.00, er messa open for alle interesserte, spesielt foreldre med sine håpefulle.
Aktivitet i messehallen
På messa får vi sjå korleis dei ulike faga og yrka blir utøvd i praksis: Her blir det murt, bygd hus, reparert bilar, bygt trebåtar, lagd mat, etc. Og det er elevar og lærlingar som står for aktiviteten, mens lærarane gjev rettleiing om alle studieretningane i den vidaregåande opplæringa. Ei eiga elevbedrift lagar mat og driv kafé på messa.
Informativ
- Dette er ei utruleg god og informativ messe. Det er fint at elevar og lærlingar fortel korleis dei har det og ikkje berre lærarar, seier dei to elevane i 10. klasse ved Hop ungdomskole, Anne Myklestad og Julia Jebsen.
Men dei sakna informasjon om dei studieretningane dei er mest interessert i: Musikk, drama, form og farge.
Ny messe
Yrkesmessa er ei nyskaping. Tidlegare har fylkeskommunen og opplæringskontora samarbeid om utdanningsmessa i Arenum. men denne har etter kvart fått så stort innslag av utstillarar frå høgskular og andre vaksenopplæringstiltak, at faga innan vidaregåande opplæring har ”drukna”.
Det er gratis adgang på yrkesmessa.
Klikk her for å sjå fleire bilete frå yrkesmessa
Bjarte Brask Eriksen