Justisminister Odd Einar Dørum til konferanse om det fleirkulturelle samfunn

Justisminister Odd Einar Dørum blir det store trekkplasteret på konferansen om det fleirkulturelle samfunn som Hordaland fylkeskommune og samarbeidspartnarar inviterer til på Hotell Norge, Bergen, 5. og 6. mars. Målet er å setje søkelyset på ulike sider a

Vil du vere med og ta ansvar for at personar med ulik etnisk bakgrunn kan delta i samfunns- og arbeidsliv? Er du bedriftsleiar, politikar, tilsett i privat/offentleg verksemd eller ganske enkelt interessert i kva samfunn vi vil ha? Då er dette møteplassen for deg.

biletet ser vi samarbeidsgruppa bak konferansen: Ingvald Bastesen, Hordaland fylkeskommune (f.v.), Grete Riise, fylkeslegen, Steinar Bø, fylkesmannen, Hanna Flydal Hasnu, Hordaland fylkeskommune, Bodil Bye Stavang, Bergen kommune, Liv Tvilde Laading, Hordaland fylkeskommune, Sigurd Inge Vardøy, Kommunal Kompetanse og Grete Svortevik, Statens Utdanningskontor. Åsbjørn Vetti, KS – Hordaland og Arne Eriksen, Haukeland sykehus, var fråverande då biletet vart teke.

Hindringar og utfordringar
Tema for konferansen er Vestlandet som eit fleirkulturelt samfunn og arbeidsmarknadssituasjonen her. Ulike verksemder skal presentere røynsler og peike på behov, sjansar, hindringar og utfordringar.
Konferansen tek opp problema med å integrere flyktningar og asylsøkjarar frå sosialhjelpsmottakarar til lønsmottakarar og verdiskaparar. Sentrale spørsmål ved samfunnsutviklinga vår er: Kva samfunn har vi, kva samfunn vil vi ha og kva utfordringar står vi overfor?

Inkluderande samfunn
I statlege, fylkeskommunale og kommunale handlingsplanar er målet å skape eit inkluderande og godt samfunn. Dette set store krav både til oss som bur her, og dei som kjem hit som flyktningar og asylsøkjarar. Det set krav både til oss som menneske og vårt samfunn som system. Og det får innverknad på våre små og store samfunn i bygd og by, lokalmiljøet der vi bur, våre arbeidsplassar, barnehagar og skular, og vår aktivitet på fritida.
Vestlandet har alltid hatt god kommunikasjon og samhandling med omverda. Det er eit viktig grunnlag for vidareutvikling og samhandling med omverda.

Målgruppa for konferansen er politikarar, leiarar og andre tilsette i offentleg forvaltning, næringslivet, kultur-, utdannings- og formidlingsinstansar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.

Bak konferansen står Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkeslegen, Statens utdanningsdirektør, Kommunenes Sentralforbund – Hordaland og Bergen kommune.

Konferansen tek til tysdag 5. mars klokka 10.00 (registrering frå klokka 09.00) og blir avslutta onsdag 6. mars kl. 16.00. Det er høve til å delta berre éin av dagane.

Konferanseavgift er 1800 kroner (1000 for éin dag)

Påmelding sendast Kommunal Kompetanse, Postboks 664, 5807 Bergen eller telefaks 55 90 85 51

Dette er den første av tre konferansar om det fleirkulturelle Vestlandet. Neste konferanse går våren 2003 og handlar om utdanning og oppvekstmiljø. Siste konferanse er planlagt til hausten 2003 og går på helse (somatikk og psykiske lidingar).

Nærmare informasjon:
Sigurd Inge Vardøy, Kommunal Kompetanse, 55 90 85 54
Liv Tvilde Laading, Hordaland fylkeskommune, 55 23 91 17
Ingvald Bastesen, Hordaland fylkeskommune, 56 17 81 43

Klikk her for meir informasjon og påmeldingsskjema (pdf-fil)

Bjarte Brask Eriksen

22.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart