Hordaland fylkesutval går inn for å løyva inntil 500 000 kr til delfinansiering av arbeidet med fylkesdelplan for heilårsveg over Vikafjellet. Ein vil koma attende til konkret løyving seinare. Fylkesutvalet har også i hovudsak slutta seg til det planlagde

Det skal utarbeidast ein felles fylkesdelplan som grunnlag for val av trase for ferjefri heilårsveg for Vik. Næringspolitiske konsekvensar i planområdet skal vurderast og vektleggjast.
Alle dei aktuelle traseane for heilårsveg over Vikafjellet er av ein slik karakter at dei må konsekvensutgreiast. Det vert lagt opp til ein totrinns prosess for å vurdera dei ulike traseane. I første trinn skal trasane grovsorterast for å få fram aktuelle og realistiske alternativ. Utarbeidinga av fylkesdelplanen med konsekvensutgreiing vert trinn to.
Styringsgruppe
Utgreiingsarbeidet skal gjerast av vegkontoret i Sogn og Fjordane.
Det skal opprettast ei styringsgruppe som vert samansett slik:
Ein medlem frå kvart av fylkesutvala, ein medlem frå kvar av fylkesadministrasjonane, vegsjefane i begge fylka og ordførarane i Aurland, Vik og Voss.
Planutval
I Hordaland skal komiteen for miljø og samferdsel vera planutval for arbeidet.
Etter opplegget til framdriftsplan skal trinn 1 vera ferdig innan desember i år, og arbeidet med trinn 2 skal starta i haust. Det endelege framlegget til fylkesdelplan skal leggjast fram for fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane i desember 2004.
To millionar kroner
Vegkontoret i Sogn og Fjordane har vurdert kostnadene for utarbeidinga av planen til mellom ein og to millionar kroner.
Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har gjort tilsvarande vedtak som i Hordaland, om å løyva inntil 500 000 kr og koma attende til konkret løyving seinare.
Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet sitt møte 23. januar
Stanley Hauge