Helse- og sosialtenestene i Hordaland er omorganisert

Frå 1. januar er helse- og sosialtenestene i Hordaland omorganisert etter at staten har overteke ansvaret for sjukehusa frå fylkeskommunen. I ein overgangsfase vil internettsidene med informasjon om helse- og sosialtenestene, som er gått over til staten,

Som følgje av omlegginga, er helse- og sosialavdelinga i Hordaland fylkeskommune lagt ned frå 1. januar 2002. Staten har teke over ansvaret for sjukehusa, psykiatrien, ambulansetenesta og alt det som vi omtalar som spesialisthelsetenesta.

Den nye statlege helsetenesta er organisert som føretak. Det vil seie at staten har oppretta eigne selskap som skal eige og stå for drifta. I alt er det oppretta fem slike føretak i landet. Desse følgjer dei gamle grensene til helseregionane.

Tidlegare Helseregion vest, som omfatta dei tre fylka, Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane, er blitt til det regionale helseføretaket ”Helse Vest RHF”. Under dette er det oppretta fem lokale helseføretak. ”Helse Bergen HF” har ansvaret for Haukeland sykehus, Sandviken sykehus, Sjukehuset på Voss, Kysthospitalet på Hagavik og ein del mindre institusjonar i Bergensregionen. ”Helse Fonna HF” har ansvaret for sjukehusa i Odda, Stord og Haugesund. Det er oppretta tilsvarande føretak for sjukehusa i Sogn og Fjordane ”Helse Førde HF” og dei andre sjukehusa i Rogaland ”Helse Stavanger HF”. Til slutt er det oppretta eit eige føretak for sjukehusapoteka ”Apoteka Vest HF”.

Klikk her for å kome til informasjon om helse- og sosialtenestene

Desse sidene vil vere tilgjengeleg inntil det nye helseføretaket har etablert eigne internettsider med informasjon. Dei gamle sidene til Helseregion vest vil og vere tilgjengelege her inntil ny informasjon ligg føre.

Men ikkje alle helse- og sosialtenestene til Hordaland fylkeskommune er gått over til staten. Vi driv framleis med rusvern, barne- og familievern og tannhelse. Deira internettsider vil sjølvsagt framleis vere tilgjengeleg her.

Klikk her for å kome til rusvern

Klikk her for å kome til barne- og familievern

Klikk her for å kome til tannhelse

Desse sidene er og tilgjengelege via den gamle startsida til helse- og sosialavdelinga.

Du finn og informasjon på Haukeland sykehus sine internettsider.

Bjarte Brask Eriksen

03.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart