- Rapporten om ulike samarbeidsformer på Vestlandet dokumenterer at Noreg treng eit folkevald regionalt nivå. Dette er eit ledd i debatten om fordeling av makt i landet, sa fylkesordførar Gisle Handeland då den store Vestlandsutgreiinga blei presentert t
Fylkesordførarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har ulike visjonar om korleis eit tettare samarbeid på tvers av fylkesgrensene bør organiserast.
Fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane (t.h.) la ikkje skjul på at han er skeptisk til samanslåing av dei tre fylka, medan dei to kollegane i sør har vore langt meir positiv til ein slik tanke.
Likevel har dei tre fylkesordførarane ei klar felles målsetjing, samarbeidet på tvers av fylkesgrensene på Vestlandet skal styrkast.
Fleire modellar
I den store Vestlandsutgreiinga blir det skissert fleire modellar for moglege samarbeidsformer. Fylkesordførarane ville ikkje gi uttrykk for kva modell dei føretrekker.
Gisle Handeland (t.v.) minna om at no startar ein politisk debatt om innhaldet i rapporten. 23. og 24. januar skal fylkesutvala i dei tre fylka ha fellesmøte. Der vil den store Vestlandsrapporten blir drøfta. Deretter blir den sendt ut på høyring.
- Ikkje minst vil det vere svært viktig å lytte til kva råd vi får frå kommunane og næringslivet før vi trekkjer endelege slutningar, sa Handeland.
Positiv prosess
- Vi er no inne i ein positiv prosess der vi snakkar meir konkret og forpliktande om samarbeid på tvers av fylkesgrensene enn kva vi gjorde for berre få år sidan. Eg trur ikkje ein eventuell debatt om lokalisering av hovudsete for eit framtidig storfylke skal setja kjeppar i hjula for denne positive prosessen, sa fylkesordførar Roald Bergsaker i Rogaland.
Fylkestinga i det tre fylka skal handsama Vestlandsutgreiinga i juni.

Nils Marton Aadland