2500 elevar på utdanningsmesse på Stord

Rundt 2500 elevar i Sunnhordland deltok på den 12. utdanningsmessa for Sunnhordland. Den gjekk av stabelen på Vikahaugane Stord Sportssenter i Leirvik. 61 utstillarar hadde stand på messa, mellom anna 14 vidaregåande skular.

Utdanningsmessa for Sunnhordland er den årlege messa for elevar i ungdoms- og vidaregåande skular i sørlege delar av fylket. Messa er både for dei som skal gå vidaregåande skule og dei som er ferdig i den vidaregåande skulen.

1400
Første dag var 1400 elevar i den vidaregåande skulen i Sunnhordland innom messa. Siste dag var det ungdomsskulane sin tur.

Messa gav elevane høve til å snakke med representantar frå ulike skular og yrke, gje innsikt i kva utdanningsvegar som finst og gje kunnskap om kva krav ulike yrke stiller.

61 utstillarar
Mellom dei 61 utstillarar var det vidaregåande skular, utdanningsinstitusjonar, andre institusjonar og organisasjonar, og ein del bedrifter.
Tilskipar var Stord Rotaryklubb og Industrinettverket for Sunnhordland.

Klikk her for å sjå fleire bilete frå messa

Dei som er interessert i informasjonen som tilskiparane la ut på internett, kan klikke her

Bjarte Brask Eriksen

21.01.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart