Vil verne området rundt kongsgarden i Fitjar

Hordaland fylkesutval ønskjer å verne området rundt den gamle kongsgarden og kyrkja i Fitjar kommune. Fylkesrådmannen, med sine fagseksjonar, har fått i oppdrag å gå i dialog med kommunen om bruk og vern av desse areala.

Saka kjem opp i samband med revisjon av kommuneplanen.
Før fylkeskommunen kan ta endeleg stilling til planen, ønskjer fylkesutvalet å kome fram til felles forståing mellom kommunen og fylkeskommunen om arealbruken kring kyrkja og tilhøva til kongsgarden.
Fylkesutvalet ser det som viktig at kommunen kan få godkjent ein revidert kommuneplan som femner over heile arelaet i kommunen. Stadanalyse for Fitjar sentrum bør leggjast til grunn for arealdelen.

Dette vart samrøystes vedteke av fylkesutvalet.
Mot dei to røystene til Frp og U vart det vidare vedteke å vise til dei andre merknadene til fylkeskommunen og rå til at arealbruken blir justert i samsvar med merknadene.
Mindretalet ville ha ein litt annan ordlyd: ”Fylkeskommunen føreset at Fitjar kommune vurderer merknadene elles og at desse i størst mogeleg grad blir innarbeidd i den endelege planen”.

Bjarte Brask Eriksen

21.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart