Vil ikkje overføre rusvernet til staten

Fylkesutvalet i Hordaland ønskjer ikkje at rusvernet blir overført frå fylkeskommunen til staten. Men skulle det likevel skje, går fylkeskommunen inn for at alle behandlingstiltaka innan rusvernet blir overført til stat og kommune.

Vedtaket vart gjort mot fire røyster (H og U). Høgre gjorde framlegg om at staten skal overta rusvernet. Det fekk fem røyster (H, FRP og U).

Arbeidarpartiet og SV ønskte at den delen som staten ikkje skal overta, framleis skal bli i fylkeskommunen, men dette fekk berre deira fem røyster og fall.

På høyring
Det er Sosialdepartementet som har sendt saka ut på høyring. Dei ønskjer å overføre delar av det fylkeskommunale rusvernet til staten. Tilrådinga frå Sosialdepartementet går ut på at all behandling mot rusmisbruk som krev helsefagleg behandling, skal over til staten ved dei statlege helseføretaka. Tiltak som ikkje krev helsefagleg kompetanse ønskjer departementet at fylkeskommunen framleis skal ha. For Hordaland fylkeskommune vil dette omfatte omsorgsinstitusjonar som Flonikollektivet og Kalfarkollektivet.

Betre helsetilbod
Intensjonen med reforma er betre helsetilbod, og fylkesrådmannen meiner at reforma vil kunne ha slik verknad. Men han går likevel ikkje inn for overføring til staten. Det vil nemleg medføre tre forvaltingsnivå og to lovverk, med fare for gråsoner mellom desse. Dette bryt med sosialtenesta sitt ansvar for å lage heilskaplege og koordinerte behandlingsplanar, og å følgje desse opp før, under og etter institusjonsopphald. Skulle reforma bli gjennomført går fylkesutvalet inn for at heile rusvernet blir overført og delt mellom primærkommune og stat, slik at fylkeskommunen ikkje lenger har ansvar innan rusvernet.

Stortinget skal gjere endeleg vedtak før sommaren.

Bjarte Brask Eriksen

22.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart