Vil ha statlege midlar til Jondalstunnelen

Jondalstunnelen blir prioritert på topp av store fylkesveganlegg i Hordaland. Komite for miljø og samferdsel vil ha statlege midlar til tunnelen frå og med 2003.

Samferdslepolitikarane prioriterer den 7,5 kilometer lange Jondalstunnelen i fylkesvegplanen for 2002 til 2001. Framlegget som vart tilrådd, vart fremja av Arne Jakobsen, A (biletet).

Komiteen viser til behandlinga av Nasjonal Transportplan i Stortinget og føringar i statsbudsjettet for 2002 der tunnelen var mellom dei prosjekta som skulle sikrast midlar frå overgangsordninga for gjenverande fylkesvegprosjekt. Komiteen føreset at slike statlege midlar blir lagt inn i statsbudsjettet frå og med 2003.

Slik vil komiteen finansiere tunnelen:
120 millionar kroner i bompengar, 55 millionar frå kommunane Kvam, Jondal og Odda, og 160 millionar i statlege og fylkeskommunale midlar.
Fylkeskommunale midlar skal leggast inn med 10 millionar i året frå 2003 til 2005. Resten skal finansierast mellom 2006 og 2011.
Komiteen ønskjer snarleg planavklaring. Det kan bli anleggsstart i 2006. Byggetida er sett til tre år.

Saka går vidare til fylkesutvalet. Endeleg avgjerd skjer i fylkestinget 12.-14. mars.

Andre tiltak som komiteen prioriterer i fylkesvegplanen:

Trafikksikring
Etter at ordninga med statlege ”Aksjon skulevegmidlar” vart lagt inn i rammetilskotet til fylkeskommunane, vil komiteen gå inn for å vidareføre ordninga med fylkeskommunale midlar. Åtte millionar kroner skal kvart år setjast av til trafikksikring.

Utbetring Evanger-Nesheim
Mindre utbetringstiltak langs fylkesveg 313 Evanger-Nesheim i perioden 2002-2005 for å utvikle næringslivet og reiselivet i området.

Utbetringstiltak på Reksteren
Komiteen vil vise til dei føringane som er lagt til grunn i samband med det fylkeskommunale vedtak om nedlegging av ferjesambandet til Reksteren og ber om å få lagd fram ei sak om utbetringstiltak på Fv 83 på Reksteren, slik fylkesutvalet føresette i sitt vedtak 19. mars 1998.

Omlegging i Rosendal
Komiteen vil prioritere 3 mill. kr innanfor mindre utbetringstiltak i perioden 2002-2005 til ei snarleg omlegging av fylkesvegen forbi Baroniet, Rosendal. Desse midlane skal inngå som ein del av eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune, Kvinnherad kommune og eigarane av Baroniet for fullfinansiering av dette prosjektet.

Vinterdrift på høgfjellet
Komiteen er samd i vegsjefen sine prioriteringar innanfor rammene til drift av fylkesvegnettet i perioden 2002-2005, og vil særleg understreke at dagens nivå på vinterdrift på høgfjellstrekningane på fylkesvegnettet vert vidareført.

150 millionar til Bergensprogrammet
Med grunnlag i mellom anna opplegget med fylkeskommunale ”Aksjon skulevegmidlar” legg komiteen til grunn at det kan settast av om lag 150 mill.kr til Bergensprogrammet innanfor fylkesvegplanen 2002-2011.

Ny Sædalsveg
Komiteen vil be om at det vert lagt fram ny sak om forskottering av kostnadsauke for prosjektet ”Ny Sædalsveg, Bergen”. Komiteen legg til grunn at fastsetting av refusjon for den samla forskotteringa må fastsettast i samband med handsaminga av fylkesvegplanen 2006-2015 eller eventuelt i samband med innføringa av todelinga av vegnettet.

Nei til Dolvikvegen
Med grunnlag i Bergen Tomteselskap A/S sitt ansvar som byggherre for prosjektet Dolvikvegen vil ikkje komiteen gå inn for Bergen kommune sin søknad om forskottering av kostnadsauke på dette prosjektet.

Ny veg til Hanøytangen
Fylkesutvalet går inn for at prosjektet ny veg til Hanøytangen, Askøy, vert lyst ut på anbod der også finansiering gjennom forskottering av prosjektkostnadene vert ein del av anbodsgrunnlaget. Fylkesutvalet går inn for at refusjonstidspunktet vert fastsett med 5 mill. kr. i 2005, 5 mill. kr. i 2006 og 5 mill. kr. i 207. Refusjonstidspunktet for restforskotteringa vert fastsett i samband med handsaming av fylkesvegplanen 2006 – 2015 eller i samband med innføring av todeling av vegnettet. Etter anbodsinnhenting må prosjektet leggjast fram for fylkestinget for godkjenning som forskotteringsprosjekt.

Forskottering av Trollkjelsvegen
Komiteen går inn for at Vaksdal kommune får høve til å forskottere den samla kostnadsauken på Fv 343 Trollkjelsvegen og at dette vert ein del av det samla forskotteringsopplegget for prosjektet på 19 mill. kr. Fylkestinget vil vise til den ordinære løyvinga på 5 mill.kr til dette prosjektet i fylkesbudsjettet for 2002, og går vidare inn for å fastsette refusjonstidspunktet for den samla forskotteringa til 5 mill. kr i 2003 og 3 mill. kr i 2004. Refusjonstidspunktet for dei resterande 6 mill. kr vert teke stilling til i samband med handsaminga av fylkesvegplanen 2006-2015 eller i samband med innføringa av todelinga av vegnettet.

Alle desse sakene i fylkesvegplanen går vidare til fylkesutvalet, med endeleg vedtak i fylkestinget 12.-14. mars.

Bjarte Brask Eriksen

19.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart