Underskot på 460 mill. kr for Hordaland fylkeskommune i 2001

Hordaland fylkeskommune kjem truleg ut med eit rekordunderskot på 460 millionar kroner i 2001, viser dei førebels tala for rekneskapen for fjoråret. Underskotet aukar sterkt i høve til år 2000 då det var på 171,4 millionar kroner.

På biletet ser vi Haukeland sykehus som hadde eit underskot på 232,4 millionar kroner.

I 2001 har Hordaland fylkeskommune betalt 190 millionar kroner ekstraordinært til KLP. I tillegg fekk fylkeskommunen uføresette kostnader som følgje av statlege krav om korleis rekneskapsføringa i samband med helsereforma skal gjerast (om lag 100 mill. kr).

Heile 312,9 mill. kr av rekneskapsunderskotet for 2001 gjeld institusjonar i spesialisthelsetenesta som staten overtok frå årsskiftet. Barnevernet fekk eit underskot på 112 mill. kr i 2001.
Dei førebels rekneskapstala viser også at tannhelsetenesta hadde eit underskot på 7,5 mill. kr i fjor, underskot vart det også for samferdsel med 15,5 mill. kr og opplæring med 17 mill. kr.

Alle sjukehus, med unnatak av Kysthospitalet, kom ut med underskot i 2001. Rekneskapen viser følgjande tal:

Haukeland sykehus– 232,4 mill. kr
Fylkessjukehuset på Stord– 21,1 mill. kr
Fylkessjukehuset på Voss– 12,2 mill. kr
Fylkessjukehuset på Odda– 15,5 mill. kr
Valen sjukehus– 2,9 mill. kr
Sandviken sykehus– 23,3 mill. kr
Kysthospitalet i Hagevik2,2 mill. kr
For andre institusjonar innan spesialisthelsetenesta viser rekneskapen:
Nordåstunet– 0,6 mill. kr
Habiliteringsteamet– 0,2 mill. kr
Askviknes sjukeheim– 1,2 mill. kr
Radøy sjukeheim– 0,7 mill. kr
Fredheim ettervernshjem– 0,2 mill. kr
Osheim behandlingsheim0,2 mill. kr
Åstveit distriktspsykiatriske senter– 2,5 mill. kr
Fjell og Årstad distriktspsykiatriske senter– 2,5 mill. kr

Oppsamla underskot på over 750 mill. kr
2001 er tredje året på rad Hordaland fylkeskommune kjem ut med underskot. I 1999 var underskotet 125,5 mill. kr, i 2000 171,4 mill. kr og for 2001 viser dei førebels tala underskot på 460 mill. kr.
Det oppsamla underskotet for Hordaland fylkeskommune er ved utgangen av 2001 på 756 mill. kr. Av denne summen gjeld om lag 500 mill. kr spesialisthelsetenesta, om lag 200 mill. kr gjeld barnevernet og resten dei andre fylkeskommunale sektorane.

Staten overtek institusjonane, fylkeskommunen sit med underskota
Om lag 100 mill. kr av det oppsamla underskotet vert dekka av oppgjer frå staten for omlegginga av feriepengeordninga i 1992. Dei resterande ca. 650 mill. kr må fylkeskommunen dekka sjølv.

Det oppsamla underskotet vert dekka med lån på ca. 650 mill. kr over 15 år, noko som vil påføra fylkeskommunen meirutgifter på ca. 80 mill. kr årleg til renter og avdrag på lånet.
Fylkeskommunen meiner det er urimeleg at staten ikkje dekkjer den oppsamla gjelda frå spesialisthelstenesta, og arbeider framleis for å få statsmidlar til dette.

Les pressemeldinga i wordformat

Stanley Hauge

12.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart