Hindringar og utfordringar
Tema for konferansen er Vestlandet som eit fleirkulturelt samfunn og arbeidsmarknadssituasjonen her. Ulike verksemder skal presentere røynsler og peike på behov, sjansar, hindringar og utfordringar. Konferansen tek opp problema med å integrere flyktningar og asylsøkjarar frå sosialhjelpsmottakarar til lønsmottakarar og verdiskaparar.
Sentrale spørsmål ved samfunnsutviklinga vår er: Kva samfunn har vi, kva samfunn vil vi ha og kva utfordringar står vi overfor?
Inkluderande samfunn
I statlege, fylkeskommunale og kommunale handlingsplanar er målet å skape eit inkluderande og godt samfunn. Dette set store krav både til oss som bur her, og dei som kjem hit som flyktningar og asylsøkjarar. Det set krav både til oss som menneske og vårt samfunn som system. Og det får innverknad på våre små og store samfunn i bygd og by, lokalmiljøet der vi bur, våre arbeidsplassar, barnehagar og skular, og vår aktivitet på fritida.
Vestlandet har alltid hatt god kommunikasjon og samhandling med omverda. Det er eit viktig grunnlag for vidareutvikling og samhandling med omverda.
Målgruppa for konferansen er politikarar, leiarar og andre tilsette i offentleg forvaltning, næringslivet, kultur-, utdannings- og formidlingsinstansar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Bak konferansen står Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Fylkeslegen, Statens utdanningsdirektør, Kommunenes Sentralforbund – Hordaland og Bergen kommune.
Konferansen tek til tysdag 5. mars klokka 10.00 (registrering frå klokka 09.00) og vert avslutta onsdag 6. mars kl. 16.00.
Programmet for konferansen (word-fil)

Stanley Hauge