Sjukehusa behandla langt fleire, urettvist at fylkeskommunane må ta rekninga

- Det er heilt uakseptabelt at fylkeskommunane ikkje får midlar frå staten til å dekka underskota ved den tidlegare sjukehusdrifta. Dette må rettast opp i samband med det endelege oppgjeret for sjukehusovertakinga, seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold

- Talet på pasientar som har venta meir enn eitt år på operasjon ved sjukehusa her i landet vart i løpet av 2001 redusert med 30 prosent. Gjennomsnittleg ventetid for alle pasientar vart redusert med 16 % frå utgangen av 2000 til utgangen av fjoråret. Helseminister Dagfinn Høybråten trekkjer fram «utanlandsmilliarden» som ei årsak til betringa, medan SINTEF, som har utarbeidd oversikta, påpeikar at utviklinga er ein indikasjon på at sjukehusa har auka innsatsen for å sanera ventelistene.

Denne positive utviklinga siste året fylkeskommunane hadde ansvaret for sjukehusa er gledeleg, men utviklinga – som er eit resultat av effektivsering og auka innsats – har kosta fylkeskommunane dyrt. Sjukehusa har brukt langt meir midlar enn tildelte budsjett, og fylkeskommunane sit att med rekninga.

I denne situasjonen er det heilt uhøyrt at ein av landets «tyngste» helsepolitikarar, leiaren i Stortingets sosialkomité, John Alvheim (Frp), i eit intervju med NRK nærast applauderer og gjev sjukehusa honnør for å ha gått langt ut over budsjettrammene.

I samband med at staten overtok ansvaret for drifta av sjukehusa frå årsskiftet, slepp sjukehusa å dra med seg underskota sine frå 2001 og evt. tidlegare år. Dei store underskota vert liggjandes att i fylkeskommunane som må dekka dei med midlar som trengst til andre viktige oppgåver som vidaregåande skular, kollektivtrafikk, næringsutvikling, kultur m.m.

Det er heilt uakseptabelt at fylkeskommunane ikkje får midlar frå staten til å dekka underskota ved den tidlegare sjukehusdrifta. Dette må rettast opp i samband med det endelege oppgjeret for sjukehusovertakinga, seier Selsvold Nyborg.

06.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart