Kraftig auke i tal fylkeskommunale klager

Tal klagesaker i Hordaland fylkeskommune har auka kraftig. Vanlegvis har det kome inn 18-20 klager i året, men i fjor auka dette til 230.

Årsaka til auken er hovudsakleg at transportordninga for funksjonshemma har fått strengare reglar. Dette har ført til at mange har falle ut av ordninga.

194 av klagesakene gjekk på transportordninga for funksjonshemma, og 30 saker omhandla skuleskyss.
Alle klagene er behandla av klagenemnda i Hordaland som tok fem klager til følgje og oppheva det påklaga vedtaket i ei sak. 224 klager vart ikkje tekne til følgje.

Fylkesutvalet i Hordaland har behandla årsmeldinga frå klagenemnda og vedteke at den skal leggast fram for fylkestinget.

Bjarte Brask Eriksen

21.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart