Den nye fylkeskommunen, Vestlandsutgreiinga, fylkeskommunen sin økonomiske situasjon og den aktuelle utviklinga med nedlegging av arbeidsplassar i Odda, var tema då fylkespolitikarane møtte Hordalandsbenken i Stortinget måndag 11. februar.

Møtet med stortingsrepresentantane for Hordaland vart halde på Scandic Hotell på Kokstad. Frå fylkeskommunen møtte fylkesutvalet og representantar frå komiteane og kontrollutvalet.
Økonomiske situasjon
Fylkesordførar Gisle Handeland trekte fram den økonomiske situasjonen for Hordaland fylkeskommune. Spesialisthelsetenesta som staten overtok frå nyttår kom i fjor ut med eit underskot på langt over 300 mill. kr. Eit underskot som både skuldast at sjukehusa behandla fleire pasientar enn budsjettert, ekstrarekning frå KLP og staten sine krav til korleis rekneskapsføringa for 2001 skal gjerast. Det statlege pålegget har påført Hordaland uføresette kostnader på nærare 100 mill. kr. Fylkesordføraren trekte også fram at Hordaland til liks med dei andre fylka som har regionsjukehus (Sør-Trøndelag og Troms) har kome dårleg ut i oppgjeret med staten. Gjeldssletteordninga som er gjennomført favoriserer fylke som har kunne bruka statleg sjukehus som regionssjukehus, det vil i hovudsak seia Austlandsfylka. Desse fylka har kunna sletta all eller storparten av den oppsamla lånegjelda si. Vestlandsfylka kjem til samanlikning svært dårleg ut av denne ordninga.
"Den nye fylkeskommunen"
Fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg tok føre seg «den nye fylkeskommunen» og argumenterte sterkt for at det regionale folkevalde nivået må styrkjast både med oppgåver og midlar. Fylkesordførar Handeland orienterte om Vestlandsutgreiinga og dei ulike modellane for samarbeid eller samanslåing som er skissert der.
Hardanger
Frå fylkespolitikarane side vart det av fleire påpeika at det trengst eit krafttak for Hardangerregionen som sakkar etter i høve til utviklinga elles i fylket. Dei understreka at både kortsiktige og langsiktige tiltak må til. Mellom anna vart Hardangerregisteret i Ullensvang trekt fram, og det vart sagt at her må det vera den mest omfattande løysinga som kan gje over 60 arbeidsplassar som må koma på plass.
Miljøfremjande
Stortingsrepresentantane merka seg at den produksjonen som det vert bede om offentleg støtte til å vidareføra ved Odda smelteverk, vil vera miljøfremjande ved at den nyttar seg av og bind CO2.
Stanley Hauge