Fylkesordførar Gisle Handeland har i dag sendt brev til regjeringa, der det vert bede om eit snarleg møte for å drøfta tiltak for å løysa den svært dramatiske situasjonen i Odda spesielt og Hardanger generelt. Fylkesordføraren peikar i brevet på at nedleg

Handeland strekar under at alvoret i situasjonen krev at kommune, fylkeskommune og statlege styresmakter i fellesskap arbeider for å finna gode løysingar for regionen. Tida er moden for å tenkja nytt og om nødvendig setja til side stivbeinte reglar som hindrar ei positiv utvikling, påpeikar fylkesordføraren.
Skrivet frå fylkesordføraren er sendt i samarbeid med ordførar Toralv Mikkelsen i Odda kommune og leiar for Hardangerrådet, John Skogset.
Biletet av Odda er teke av Dan-Erik Aggvin, Oddaporten
Nils Marton Aadland