Delegasjon frå Kvinnherad demonstrerte mot ny snøggbåtrute

Ein delegasjon frå Kvinnherad kommune demonstrerte 19. februar i Fylkeshuset mot den nye snøggbåtruta som skal gå mellom Kvinnherad og Bergen. Dei ønskjer at båten skal gå til Os i staden og ha fleire stopp i Kvinnherad.

Delegasjonen ønskjer at den noverande ruta skal halde fram med nokre endringar. I dag går snøggbåten frå Herøysund og gjennom ytre delar av Kvinnherad før den set kursen gjennom Lukksundet til Os. Delegasjonen ønskjer i tillegg stopp i Rosendal, og Vikane som einaste stopp i Lukksundet. Frå Os ønskjer dei gode bussamband til Flesland flyplass og Bergen sentrum.

Delt på midten
Komite for miljø og samferdsel delte seg om lag på midten i denne saka. Med åtte mot sju røyster tilrår komiteen at den nye ruta skal gå strekninga Rosendal-Malkenes- Flesland-Bergen. Planen er å starte den nye snøggbåtruta 1. mai i år. Komiteen tilrår å løyve 600.000 kroner for å dekke inn meirkostnadene. Det skal gå buss mellom Odda og Rosendal tilpassa den nye ruta. Det er og eit krav at det blir oppretthalde eit tenleg snøggbåtruteopplegg i indre Sunnhordland. Komiteen går vidare ut frå at rutetilbodet for resten av indre Hardanger ikkje blir svekka. Fleirtalet i komiteen var samansett av Arbeidarpartiet, Høgre og Bente Bondhus frå Senterpartiet.

Meirkostnad
Mindretalet, SV, KrF, Frp og Nils Dagestad frå Sp, ville heller ha ei rute som samsvarar med synet til delegasjonen frå Kvinnherad med start i Herøysund og stopp i Rosendal og Vikane, og endestopp i Os. Meirkostnaden på 700.000 kroner vil dei ha dekka inn av dei som reiser frå Rosendal. Mindretalet vil og ha bussamband mellom Odda og Rosendal og korresponderande ekspressbussar frå Os til Bergen og frå Os til Flesland flyplass.
Saka blir endeleg avgjort av fylkesutvalet 7. mars.

Sjå bilete frå demonstrasjonen til delegasjonen frå Kvinnherad

Les pressemeldinga frå komite for miljø og samferdsel sitt møte 19. februar

Bjarte Brask Eriksen

20.02.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart