Vi ha meir avklåring før avgjerd om «Kulturregion Vestlandet»

Hordaland fylkesting ønskjer meir avklåring før dei tek stilling til saka om «Kulturregion Vestlandet». Saka vert utsett så lenge hovudtrekka i eit eventuelt utvida organisert samarbeid i Vestlandsregionen ikkje er avklåra, heiter det i fylkestinget sitt

Tilhøvet til sentrale styresmakter må vera avklåra før Hordaland fylkesting gjev frå seg fullmakter til eit nytt forvaltingsnivå innan kulturpolitikken, seier fylkestinget i vedtaket sitt.
Vedtaket vart gjort med 33 mot 32 røyster.

Forslaget som vart vedteke vart sett fram av Berit W. Eldøy (H) på vegner av Høgre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk venstreparti, Venstre, Raud Valallianse og uavhengige representantar. Forslaget som vart vedteke med dei 33 røystene til grupperingane som står attom det, lyder:

1. "Forholdet til sentrale myndigheter må være avklart før Hordaland fylkesting gir fra seg myndighet/fullmakt til et nytt forvaltningsnivå innen kulturpolitikken.

2. Saken vedr. "Kulturregion Vestlandet" blir utsatt så lenge hovedtrekkene i et eventuelt utvidet organisert samarbeid i Vestlandsregionen ikke er avklart.

3. Rapporten fra Georg Arnestad ved Høgskulen i Sogn og Fjordane anses å være mangelfull som grunnlag for et overordnet vedtak for endring av Hordaland fylkeskommunes kulturpolitikk.

4. En positiv utvikling av kultursektoren vil kreve et omfattende samarbeid med mange parter. Det understrekes at hverken frivillige organisasjoner eller sentrale institusjoner innen kulturlivet i Hordaland har vært med i saksutredningen om "Kulturregion Vestlandet."

Mindretalet i fylkestinget, dei 32 representantane for Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti og Senterpartiet gjekk inn for at Hordaland fylkeskommune saman med dei tre andre fylkeskommunane på Vestlandet skal arbeide vidare med «Kulturregion Vestlandet» gjennom samarbeidet i Vestlandsrådet.

Stanley Hauge

15.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart