Stadig fleire reiser over Stord lufthamn

- Talet på reisande over Stord lufthamn, Sørstokken aukar, opplyser lufthamnsjef Jan Morten Myklebust. I november reiste 2.808 personar over lufthamna. Dette er ein auke på 22 prosent i høve til same månad i fjor.

I dei 11 månadene i år har det reist 25.315 personar over lufthamna. Dette er ein auke på 6.319 personar (33 prosent) i høve til same periode i fjor.
- Trafikkutviklinga er såleis svært positiv. Talet på reisande over lufthamna i 2002 ligg såleis an til å enda på over 27.000. I fjor reiste det 20.157 personar over lufthamna, seier Myklebust.

Betre fly
Den store auken i talet på reisande over Stord lufthamn skuldast mellom anna betre fly, samt svært høg regularitet. I tillegg kjem den nye terminalen. Bortfall av bonuspoeng på innanlandsreiser, samt fri bilparkering gjer også sitt til at trafikken aukar. Det er også verdt å merka seg at det no går flybuss i regi av HSD til samtlege flyavgangar og landingar på lufthamna.

Auka frekvens
Flyselskapet Golden Air vurderar no å auka flyfrekvensen på strekninga Stord-Oslo og i tillegg opprette samband til andre destinasjonar enn Oslo.

Bjarte Brask Eriksen

04.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart