Rusvernet frå særomsorg til næromsorg

Rusvernet i Hordaland er under omlegging frå å vere særomsorg til å bli næromsorg. Det blir framleis satsa på dei store, tunge institusjonane, men i tillegg blir det foreslått å byggje fem regionale rusvernsentre som kan gje behandling i nærmiljøet.

På biletet konstituert rusverndirektør Svein Pedersen (t.v.) og psykolog John Agnar Johansen som har skrive planen.

Tilbod til fleire rusmisbrukarar
Hordaland fylkeskommune har laga forslag til revidert rusvernplan. Komité for kultur og helse har vedteke å sende utkastet på høyring med svarfrist 10. januar 2003. Planen legg opp til meir differensierte tenester enn i dag. Det er svært dyrt å gje behandling i døgninstitusjonar, mens behandling på regionale rusvernsentre er langt billegare og kan gje tilbod til fleire rusmisbrukarar utan at dei må flytte heimanfrå.

Krav om lokalbaserte tenester
Det har lenge vore eit krav frå kommunar i Hordaland om lokalbaserte tenester. Planen legg opp til å byggje fem regionale rusvernsentre med plassering i Bergen, Nordhordland, Sunnhordland, Midthordland og Voss-Hardanger.
- Ei slik utbygging kan få rusmisbrukarar vekk frå døgninstitusjonar og over til regionale rusvernsentre i lokalmiljøet. Dette kan redusere etterspurnaden etter døgnplassar. Vi har i dag over 100 døgnplassar i fylket, men etterspurnaden er større enn dette, seier psykolog John Agnar Johansen som har utarbeidd framlegget til rusvernplan.

Samarbeid for å lukkast
Johansen meiner at mange rusmisbrukarar ikkje får den behandling dei treng fordi det har blitt satsa einsidig på institusjonsplassar. Dessutan viser forsking at opphald i døgninstitusjon ikkje gjev betre nytte enn poliklinisk behandling. Regionale rusvernsentre er ikkje tradisjonelle medisinske poliklinikkar, men eit senter der mange skal samarbeide for å løyse problema. For å lukkast, må det ”dugnad” til, der det blir nært samarbeid mellom fylkeskommune, kommunane, psykisk helsevern, helseføretaka og barnevernet.

Eiga kvinneavdeling
I planen blir det foreslått å utvide tre døgninstitusjonar: Ny avdeling med 12 plassar ved Flonikollektivet, fire-fem nye plassar ved Kalfarkollektivet og eiga kvinneavdeling ved Akuttklinikken.

Debutalderen går ned
I tida framover er det venta kraftig auke i tal rusmisbrukarar. Debutalderen har gått ned frå 16-18 år til 12-16 år. Unge jenter drikk dobbelt så mykje alkohol som før, mens gutar har auka drikkinga med 50 prosent.

Etter at høyringsfristen er ute 10. januar, går planen til komité for kultur og helse 6. februar, fylkesutvalet 19.-20. februar og fylkestinget 11.-12. mars.

Rusvernplanen

Sjå og Rusvernkontoret sine eigne sider på internett

Bjarte Brask Eriksen

18.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart