Framhald av omstillingsarbeidet i Sunnhordland og Odda vil også verta prioritert, samstundes som det vert lagt opp til å ha ein beredskap når det gjeld moglege omstillingsproblem neste år.
Den førebels ramma til Hordaland er av departementet fastsett til vel 59 mill. kr. Etter at det vart gjort, har Stortinget vedteke å kutta den samla ramma på landsbasis med 50 mill. kr. Ramma til Hordland vil derfor truleg verta litt redusert.
Den vert lagt opp til følgjande fordeling av den førebels ramma for Hordaland: Til fordeling gjennom Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond (SND) 35 mill. kr, til tilrettelegging for næringsutvikling 7 mill.kr, program for vassforsyning 2 mill.kr, omstilling og nyskaping 10 mill. kr, regionale næringsfond 4 mill. kr og regional utviklingsrolle for eksterne etatar 1,33 mill. kr. Fylkesutvalet har med ni mot seks røyster slutta seg til denne fordelinga.
Mindretalet (H, SV, Frp og uavh.) støtta eit forslag frå Bjørn Lothe (SV) om ei anna fordeling, slik: SND 25 mill. kr (av dette 12 mill. kr til nytt næringsliv), 6 mill. kr til tilrettelegging for næringsutvikling, 6 mill. kr til omstilling, 6 mill. kr til kommunale og interkommunale næringsfond, 8 mill.kr i overrislingsmidlar til å utvikla vidaregåande skular til å verta kompetansesentra i fag, og samarbeid mellom skule-næringsliv. Lothe føreslo også 5,83 mill. kr til overrislingsmidlar i skjeringspunktet mellom kultur og næringsliv.
Det er fylkeskommunen som avgjer korleis dei regionale utviklingsmidlane skal nyttast. Men prioriteringa av innsatsen skjer i samarbeid mellom fylkeskommunen og regionale samarbeidspartnarar som kommunar, organisasjonar og statlege regionalkontor. Den endelege fordelinga av midlane for 2003 vert gjort av fylkesutvalet i slutten av januar neste år.
Stanley Hauge