
Leiar Endre Blindheim og nestleiar Lisen Fasting fortel at Øvsttunsenteret har 10 år bak seg som tyngre barneverninstitusjon. Den opna 1. august 1992 i lokala til tidlegare Øvsttun skole, ein statleg spesialskule for jenter. 10 årsjubileet vart markert med fest for dei tilsette, der også dei 24 tilsette som var med frå starten, var invitert.
Skal greie seg sjølv
Øvsttunsenteret vart oppretta som følgje av ny lov om barnevern der det vart gjeve høve til tvangsinnlegging av ungdom som har store åtferdsvanskar grunna rus, kriminalitet eller vald.
I dag har Øvsttunsenteret 10 plassar. Plassane fordelar seg med éin på akutt, seks på behandling og tre på utgreiing. I starten var Bergen stor brukar, men i dag har dette endra seg til 50 halvparten frå Bergen og den andre halvparten frå resten av Hordaland.
- Målet er å leggje til rette for endring av negativ utvikling, slik at ungdommen kan greie seg sjølv. Vi legg vekt på det positive i ungdommen, seier Blindheim. Dei kan bu på Øvsttunsenteret i inntil to år (under tvang) og lengre om dei ønskjer det sjølve.
Tek ungdommen på alvor
Bemanninga ved Øvsttunsenteret er éin tilsett pr ungdom. Fasting fortel at dei kan møte mykje motstand og kan kome i konfliktar med dei som kjem hit.
- Ingen likar å bli dirigert eller tvinga, men på den andre sida er dei glade for at nokon tek ansvar. Her er det vaksne som tek ungdommane på alvor. Ungdommane er tidlegare blitt svikta av vaksne, blitt svikta heime, på skulen og i nærmiljøet. Hos oss set dei pris på å bli tekne på alvor. Vi må tole all frustrasjonen dei legg ut på oss. Når dei har vore her ei tid, kan vi byggje relasjonar og få til samarbeid. Vi prøver å få til samarbeid med ungdommen og foreldra og lagar behandlingsplan. Målet er å legge til rette for at dei kan utvikle seg positivt. Vi har mange døme på det, seier Fasting.
Blindheim legg til at dei ikkje har gjort stor evaluering av ungdommane.
- Men vi har ei gransking som syner at frå 33 til 55 prosent greier seg bra etter opphaldet på Øvsttunsenteret. Dei bur for seg sjølve og tek utdanning eller er i jobb.
Belegg på 60-80 prosent
I år har Øvsttunsenteret utvida med to nye behandlingsplassar. Neste år skjer det vidare utviding med to akuttplassar og fire nye behandlingsplassar.
- Vi har eit belegg på 60 til 80 prosent. I periodar har vi hatt ungdom som er så krevjande at vi har måtte gå ned på belegget. Problemet dei siste to åra er at vi har hatt stort press på akuttplassar, seier Blindheim.
Dei fire nye behandlingsplassane skal plasserast i husvære utanfor Øvsttunsenteret.
- Her kan ungdommane bu til dei er 20 år. Røynslene syner at etter tvangsopphald på eitt til to år, vil ungdommane gjerne greie seg sjølve, men dei vil og halde fram med kontakten med oss, seier Endre Blindheim og Lisen Fasting.
Over til staten
Frå 1. januar 2004 har regjeringa føreslege å overføre barnevernet til staten. Blindheim er godt nøgd med fylkeskommunen som eigar og den oppfølging dei har fått frå Barne- og familiekontoret, men han reknar med at det skal gå like bra når staten overtek.
Ny avdeling på Smørås
I haust vart ei eiga avdeling av Øvsttunsenteret oppretta i ein einebustad på Smørås, som Hordaland fylkeskommune kjøpte i vår.
Den har fått namnet ”Huset” og tek imot ungdom med såkalla dobbeldiagnose, det vil seie at dei er i grenselandet mellom psykiatri og barnevern.
”Huset” har to plassar for langtidsbehandling og vart teke i bruk 2. september. Den første ungdommen kom 23. september.
- Vi har seks tilsette i heile stillingar og ei bemanning med éin tilsett pr. ungdom, opplyser Christine Haaland. Ho er glad for at dei har teke i bruk ein einebustad til formålet og at dei dermed slepp institusjonspreg.
Sjå bilete frå Øvsttunsenteret
Bjarte Brask Eriksen