Fylkestinget føreset at Askøy kommune/utbyggjar forskotterer 50% av prosjektkostnadene. Fylkestinget går inn for at kostnader utover 15 mill. kr vert refundert med 5 mill. kr i 2008, 5 mill. kr i 2009 og resten i 2010.
Fylkestinget føreset med dette at refusjonsordninga vil få konsekvensar for godkjende refusjonar og andre prosjekt i fylkesvegplanen. Fylkestinget ber om snarast å få lagt fram ei sak med konsekvensar av reduserte økonomiske rammer og framlegg til endringar av prioriterte tiltak i fylkesvegplanen.
Vedtaket vart gjort mot 15 røyster (SV, V, Sp, RV).
I vedtaket understrekar fylkestinget også at Jondalstunnelen skal gjennomførast slik det er føresett i tidlegare vedtak. Dette vart vedteke med 45 (Ap, SV, V, RV, Sp, 2 Krf) mot 22 røyster (13 H, 7 Krf, 2 uavh.).
Mindretalet på 15 i fylkestinget støtta ei forslag frå Kyrre Stensnes (SV) om ikkje å lysa ut vegen til Hanøytangen på anbod no på grunn av usikkert anbodsgrunnlag. Mindretalet vil i staden vurdera eit opplegg for anbod eller forskottering av ny veg i samband med sak om konsekvensar av reduserte økonomiske rammer for fylkesveginvesteringar, fylkesvegplanen 2002-2011.
Stanley Hauge