Meir styrbar fylkeskommune

- Den statlege overtakinga av sjukehusa vart dårleg forretning for mange fylkeskommunar og ikkje minst for oss. Budsjettmessig vart likevel fylkeskommunen meir styrbar, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen til fylkestinget 10. desember.

Håp om balanse
Fylkesrådmannen noterer som et framsteg at Hordaland fylkeskommune framleis har eit visst håp om å gjere opp rekneskapen for 2002 i balanse. - Underskotet blir i alle høve ikkje stort. Når staten overtek barnevernet, vil vi bli letta for ei anna oppgåve som er vanskeleg å styre etter budsjett. Det er faktisk også mogeleg at vi kjem bra ut av akkurat dette oppgjeret dersom vi legg prinsippa for sjukehusovertakinga til grunn.

Ingen gevinst av ny organisering
Overføringa av sjukehus og snart også barnevernet til staten, vil gjere fylkeskommunen meir styrbar budsjettmessig. Isolert sett er dette sjølvsagt ein føremon, men for samfunnet totalt spelar det lita rolle om det er statlege føretak eller fylkeskommunen som slit med umogelege budsjett. Spørsmålet er om økonomistyring og andre mål for helse og barnevern best kan oppnåast i den eine eller den andre organisasjonen. Så langt, det vil seie etter eitt år, er det ingenting som tyder på at samfunnet har hatt gevinst av den nye organiseringa – snarare tvert i mot, sa fylkesrådmannen.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Bjarte Brask Eriksen

10.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart