Konkurransetilsynet til Bergen - ein viktig tilvekst for regionen

Meldinga om at regjeringa vil flytta Konkurransetilsynet frå Oslo til Bergen er gledeleg nytt for regionen vår. Det er vel verdt å heisa flagget for at ein viktig institusjon med så mykje topp kompetanse vert lagt til Hordaland.

Verdifulle arbeidsplassar
Ei flytting av Konkurransetilsynet er særs viktig for Hordaland fylke og Bergen kommune. I tillegg til at det betyr verdifulle arbeidsplassar, blir det ei styrking av dei gode kompetansemiljøa vi alt har innan økonomi og juss. Desse sterke fagmiljøa er også ein viktig føresetnad for å leggje Konkurransetilsynet hit.

Godt samarbeid
Eg vil understreka det gode samarbeidet vi har hatt med Bergen kommune, Bergen næringsråd og universitetsmiljøa i denne saka. I fellesskap finansierte vi ein uavhengig rapport om utflytting av statsinstitusjonar frå Oslo (SNF rapport 17/02 Flytting av en statsinstistusjon – erfaringsbakgrunn og kriterier for lokalisering.) Rapporten har opplagt hatt ein god del å seie for dei konkrete forslaga til utlokalisering som vert lagt fram i stortingsmeldinga i januar.

Stanley Hauge

06.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart