Knyter venskapsband over Nordsjøen

Det har blitt ein tradisjon at Hordaland fylkeskommune sender julegraner til venskapsregionar på den andre sida av Nordsjøen. Slik også denne jula. I Edinburgh, Cardiff og på Orknøyane lyser juletre frå Hordaland opp i vintermørket.

2500 menneske
- Heile 2500 menneske var samla då det store juletreet frå Hordaland vart tent i Edinburgh i sluten av november, fortel fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.
I år var det 17. gongen Hordaland spanderte juletre på Edinburgh. Tenninga av treet har blitt eit kjært og fast innslag ved opninga av det skottane kallar ”The festive season”.
Arrangementet er ein seremoni i regi av bystyret i Edinburgh. Lord Provost, som er tittelen på ordføraren, tok del saman med fleire medlemer i bystyret.

Adventskonsert
Like etter at julegrana vart tent, blei det arrangert adventkonsert i St. Giles Cathedral Konstituert leiar ved Kulturseksjonen, leia konserten og introduserte kunstnarane.

Også arrangementa i Cardiff var svært vellukka, seier Torill Selsvold Nyborg. Ei stor gruppe norske studentar var mellom dei mange som var til stades då fylkesvaraordføraren tende lysa i det vakre treet. Arrangementet i Cardiff er knytt opp til den norske sjømannskyrkja, ei tradisjonell kvit trekyrkje, som ligg sentralt på The Bay.

Juletre til Orknøyane
Orknøyane og Hordaland fylkeskommune skriv under ein venskapsavtale i 1983. Kvart år sidan har Hordaland fylkeskommune gitt eit juletre til øyane i vest. Over 1000 menneske møtte fram då lysa i juletreet blei tent i november.
Også på Orknøyane blei det arrangert ei rekkje kulturarrangement. Fylkesmusikarane var med og sette ein ekstra spiss på arrangementa.

Sjå bileta frå lysfesten i Edinburgh

Nils Marton Aadland

23.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart