Hordaland sine medlemer i Vestlandsrådet

Fylkestinget har valt fylkesordførar Gisle Handeland (Ap), fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg (Krf), Tom-Christer Nilsen (H), Terje Søviknes (Frp) og Sigrun Sangolt Natås (uavh.) til Hordaland sine medlemer i Vestlandsrådet.

Vestlandsrådet, som skal opprettast frå 1. januar 2003, får fem medlemer frå kvart av dei fire fylka som er med i rådet, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
Som varamedlemer til Vestlandsrådet valde fylkestinget: Turid Visnes (Ap), Atle Mildestveit (V), Kjellaug Holm (H), Magnar Lussand (Sp) og Bjørn Lothe (SV).

Fylkestinget har godkjent vedtektene og førebels handslingsplan for rådet. Leiarvervet og sekretariatet for rådet skal dei fire fylka ha etter tur, om lag eitt år om gongen. Rogaland fylkeskommune skal ha leiarvervet første perioden frå årsskiftet og til etter fylkestingsvalet hausten 2003.

Vedtekter
Viktige punkt i vedtektene er:
· Samarbeidet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsorgan forankra i Kommunelova si § 27.
· Kvart fylkeskommune skal ha 5 medlemer i rådet, medrekna fylkesordførar og fylkesvaraordførar. Dei tre andre skal vere valt av og blant fylkestinget sine medlemer.
· Leiarvervet vil rotere mellom fylkesordførarane i rådet.
· Fylkesrådmannen i det fylket som har leiarvervet, har innstillingsrett til rådet og er leiar av sekretariatet.
· Fylkesrådmennene har ansvar for sekretariatet. I kvar fylkeskommune må det utpekast medarbeidarar som har eit særleg ansvar for å medverke i ”Vestlandssakene”. Sekretariatet skal etablerast ved interne omdisponeringar, ikkje ved å auke talet på tilsette.
· Rådet gjer vedtak med vanleg fleirtalsinnstilling.
· Fylkeskommunane dekkjer eigne driftsutgifter til deltaking og til leiarskapet i rådet. Det blir sett av ein pott på til saman 1 mill. kr i 2002 til fellestiltak. Kvar fylkeskommune skal dekkja ein fjerdedel av denne summen. For fellesprosjekt skal utgiftene bli fordelt i kvart einskild tilfelle knytt til kvar fylkeskommune sine interesser og deltaking i prosjekta.

Førebels handlingsplan
Den førebels handlingsplanen for Vestlandsrådet skal leggjast til grunn for arbeidet i Vestlandsrådet frametter våren 2003, og gjev ambisjonar for samarbeidet i rådet i startfasen. Denne inneheld følgjande:
· Utarbeide handlingsplan for Vestlandsrådet som skal handsamast i fylkestinga i juni 2003. Arenabygging med sentrale samarbeidspartar, både i samband med utarbeiding av handlingsplanen og på permanent basis
· Ivareta regionalpolitiske interesser for Vestlandet
· Arbeide vidare med å få etablert forsøk med overtaking av statlege oppgåver.
· Kulturregion Vestland.
· Marin sektor – forprosjekt.
· Internasjonalt samarbeid/Brussel-kontor.

Stanley Hauge

14.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart