Fylkesutvalet tek ny vurdering av transportordninga for funksjonshemma

Hordaland fylkesutval har oppheva vedtaket sitt frå 21. november om nye reglar for transportordninga for funksjonshemma. Fylkesutvalet vil ha oppklaringsmøte med Rikstrygdeverket og dei funksjonshemma sine organisasjonar, og skal deretter ta saka opp til

I fylkesutvalet sitt møte 5. desember sette Magnar Lussand (Sp) på vegner av Ap, Krf, Sp og V fram forslag om at fylkesutvalet skulle ta saka om transportordninga opp til ny handsaming.

Fylkesutvalet vedtok følgjande fellesforslag frå Ap, Krf, Sp og V:
«1. Fylkesutvalet vil understreka at hovudsiktemålet med vedtaket i fylkesutvalet 21. november 2002, var å medverka til at staten gjennom grunnstønadsordninga, tildeler maksimal stønad til dei som har rettmessig krav på det. Ei omfordeling ville gjera at fleire brukarar kunne få del i transportordninga. I ettertid ser fylkesutvalet at det har vore uklare signal frå Rikstrygdeverket i høve handtering av avkortingsordningane.

2. Med bakgrunn i dette vert vedtaket frå 21. nov. 2002 oppheva.

3. Det vert teke eit initiativ til eit møte med Rikstrygdeverket der nødvendige avklaringar vert drøfta både med omsyn til regelverket og praktisering av dette.

4. Det vert teke eit initiativ til eit møte med brukarorganisasjonane for å drøfta gjeldande og framtidig transportordning, før saka kjem til ny handsaming.»

Stanley Hauge

05.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart