Fylkestinget utsette avgjerd om skulesamanslåingar

Osterøy vidaregåande skule vert oppretthalden, allmennfagtilbodet (1 parallell) ved Austrheim vidaregåande skule vert vidareført. Like eins vert den internasjonale klassen ved Øystese gymnas og trebåtbyggjarlina ved Norheimsund vidaregåande skule, avd. Jo

Vaksdal
Filialklassen til Arna yrkesskule i Vaksdal er ikkje endeleg redda, men får ein ny sjanse ved at skuletilbodet der skal takast med i skulekatalogen. Endeleg avgjerd om desse klassane skal det takast stilling i samband med elevinntaket våren 2003, har fylkestinget vedteke.

Spare 4,7 millionar
Fylkestinget har vedteke at å spara 4,7 mill. kr på i 2003 ved samanslåing av skular. Men fylkestinget skal først i mars neste år ta stilling til kva skular som skal slåast saman. Administrasjonen, i samarbeid med tre medlemer frå komiteen for næring og utdanning, skal greia ut saka – eit arbeid som skulane skal inviterast til å delta i. Dersom innsparingsmålet ikkje kan nåast gjennom administrative samanslåingar, må skulane vera med å finna alternative, varige innsparingstiltak, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.

Vedteke med 35 røyster
Vurderinga av kva skular som skal slåast saman, skal omfatta dei vidaregåande skulane generelt og ikkje berre dei 12 som fylkesrådmannen hadde gjort framlegg om. Budsjettet vart vedteke med dei 35 røystene til Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

9 millionar i påplussingar
I høve til budsjettgrunnlaget som fylkesrådmannen la fram 1.oktober, er det føreteke omprioriteringar for vel 9,3 mill. kr og påplussingar på 9 mill. kr. Den sistnemnde summen er finansiert med auka skatteinntekter som følgje av skatteøret har vorte litt oppjustert under handsaminga av statsbudsjettet i Stortinget.
Løyvinga til dei vidaregåande skulane er auka med ca. 9,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmannen. I tillegg til å oppretthalda dei tilboda som er nemnde ovanfor, vert løyvinga til støtteundervisning auka med 2,5 mill. kr. Tre av dei fire stillingane fylkesrådmannen hadde føreslege å ta vekk ved oppfølgingstenesta og pedagogisk psykologisk rettleiingsteneste, vert oppretthaldne. Det vert løyvd 1 mill. kr meir til vaksenopplæringstiltak (realkompetanse og tiltak/kurs).

8 millionar meir til samferdsel
Løyvinga til samferdsel vert auka med vel 8 mill. kr. Av denne summen gjeld 2 mill. kr meir til transportordninga for funksjonshemma, 3 mill. kr meir i tilskot til kollektivtrafikken for å hindra rutekutt og å oppretthalda dagens ordning med skulereisekort, 2,8 mill. kr meir til vedlikehald av fylkesvegane og 0,23 mill. kr for å betra båtrutetilbodet til Espevær.
Til Stord familievernkontor vart det løyvd 0,5 mill. kr, til regionsenter for husflid 135 000 kr og til husflidskonsulent vart det løyvd 165 000 kr.

18,3 millionar i endringar
Dei samla endringane utgjer ca. 18,3 mill. kr. Auken vert dekka med reduksjon på 9,3 mill. kr i andre budsjettpostar og 9 mill. kr i auka skatteinntekter. Løyvinga til fylkesadministrasjonen vert redusert med 1,9 mill. kr, summen til lønsavsetjing vert sett ned med 3,0 mill. kr, 1,5 mill. kr skal sparast ved reduksjon i løyvinga til elevinspektørar, budsjettposten til renter og avdrag vert sett ned med 1,0 mill.kr og fylkesutvalet sin tilleggløyvingskonto vert redusert med 0,84 mill. kr.
Ei rekkje andre postar vert redusert med i alt 1,33 mill. kr. Det gjeld konferansar, møte og reiseverksemd 300 000 kr, fylkesplanen 100 000 kr, strategisk næringsplan 100 000 kr, bokbåten 100 000 kr, stønad etter vedtak 100 000 kr, dokumentasjonssenteret 200 000 kr, innløysing friareal 50 000 kr, prosjektstøtte Europakontoret 100 000 kr og redusert husleige ved Osterøy vidaregåande skule 80 000 kr. Budsjettkuttet på 200 000 kr i løyvinga til Northrail, som fylkesutvalet hadde tilrådd, går ut.

Les heile pressemeldinga med alle detaljar om fylkesbudsjettet for 2003

Stanley Hauge

11.12.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart