
På biletet to av aksjonistane frå Hordaland fylkesting på stand i Bergen sentrum: Magnar Lussand (t.v.) og Fredrik U. Litleskare.
15 000 julekort
Fylkespolitikarane ønskjer er å trekkja så mange som mogleg med i ein julekortaksjon, der målet er å få sendt 15 000 kort til statsminister Tony Blair, med ønskje om denne julegåva: «Stopp den radioaktive forureininga frå Sellafield!»
Oppfordringa til hordalendingar og andre er: «Ta eit julekort, signer det og send det til statsminister Tony Blair.» Innsatsen den einskilde må gjera er å signera kortet, spandera frimerke til kr 9,00 og posta det.
Støtte
Fylkestinget vedtok i oktober samrøystes å gjennomføra ein aksjon mot utsleppa frå Sellafield. I tillegg til dei politiske partia og ungdomsorganisasjonane deira, vert aksjonen også støtta av ei rekkje organisasjonar i arbeids- og næringslivet og miljø- og naturvernorganisasjonar.
Fylkespolitikarane hadde torsdag 12. kl. 11.00-12.30 to stands på Torgallmenningen, ein på Lido-hjørnet og ein i Bergen storsenter.
E-postaksjon
Det er og lagt ut eit e-postkort på heimesida til Hordaland fylkeskommune, som kan sendast til statsminister Tony Blair sin nettredaksjon i Downing Street no 10, London.
Oppmodinga er at folk nyttar også denne påverknadskanalen og gjerne gjer andre merksame på e-postopplegget, slik at dette kan verta ein omfattande kjede-brev-aksjon.
Klikk her for å sende e-post til statsminister Tony Blair
Stanley Hauge