Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland fylkeskommunar er klare til leggja til rette for at Det odontologiske fakultetet i Bergen straks kan auka utdanningskapasiteten med 30 studentar, seier fylkesutvalet i eit vedtak.
Ei slik løysing, som også er rimeleg, vil føra til raskare auke i talet på tannlegar enn andre tiltak. Hordaland fylkesutval meiner at det hastar med å få styrkt tannlegeutdanninga og midlar til prosjektering av eit slikt opplegg må løyvast alt i revidert statsbudsjett våren 2003.
Utanom dei sentrale strøka i dei tre vestlandsfylka er det vanskeleg å få rekruttert nok tannlegar. På landsplan er det også trong for å auka utdanningskapasiteten. Dei tre fylka vil leggja forholda til rette for ei desentralisert utdanning av tannlegar. Ved at tannlegestudentane får større delar av den kliniske utanninga utanfor fakultetet, vil det verta plass til fleire studentar på kvart kull.
Den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland har sagt seg villig til å stilla tilstrekkeleg store klinikkar til disposisjons for eit slikt opplegg. Denne modellen har vore prøvd med helle i legeutdanning, m.a. i vår region.
«Trass i at desse forslaga var kjent for ei arbeidsgruppe som var nedsett av Utdannings- og forskingsdepartementet for å greie ut spørsmålet om auka opptak av tannlege studentar, vart dei ikkje teke omsyn til i det vidare arbeidet,» heiter det i saksutgreiinga til fylkesutvalet.
Statsbudsjettet for 2003 legg opp til å etablera tannelegeutdanning i Tromsø med opptak av 10 studentar i 2004, aukane til 40 i 2007.
Stanley Hauge