Sidan 1994
Bjørgvin videregående skole har skipa til kurs for å fortelje pedagogar i Europa om røynslene med elevdemokrati, eit opplegg skulen har hatt sidan 1994. Åtte pedagogar frå Danmark, Tyskland, Frankrike, Spania, Polen og Austerrike har vore ei veke på skulen for å setje seg inn i undervisingsopplegget.
Scorar høgt
Norsklærar Signe Bente Elgan fortel at Noreg scorar høgt på demokrati i skulen og at dette interesserer lærarar i andre land.
- Hos oss er elevane med på å planlegge undervisinga. Dette går på elevmedverknad, elevsamtale, prosjektarbeid og evaluering. Samarbeidslæring kallar vi metoden vi jobbar etter.
Samarbeidsopplegg
I åtte år har Bjørgvin videregående skole hatt slikt samarbeidsopplegg, og røynslene og resultatat av dette er interessant for andre.
- For dei åtte pedagogane viser vi korleis vi jobbar gjennom undervising, planlegging og læring. Dei skal og inn i klassane og sjå elevane i aksjon.
Støtte frå EU
Lærar Maria S. Olsen er ansvarleg for alle internasjonale prosjekt ved skulen. Ho fortel at kurset har fått støtte av EU gjennom det såkalla ARION-programmet.
- ARION gjev støtte til studiereiser for leiarar og administratorarar i skuleverket. Vi søkte om kurset via Statens utdanningskontor i Hordaland og vidare til Senter for internasjonalt universitetssamarbeid i Bergen (SIU). EU gjev stipend til reise, opphald, mat og reise. Om dette går bra, kan vi gjenta kurset neste år, seier Olsen.
Uvanleg
Arne Aarseth ved SIU er svært nøgd og glad for at Bjørgvin videregående skole skipar til dette kurset.
- Det er uvanleg at ein skule gjer dette. Bjørgvin vidaregåande skule er faktisk den første skulen her i landet. Vi oppmodar andre skular til å gjere det same, seier Aarseth.
- Bra undervisingsopplegg
- Undervisingsopplegget her ved skulen er bra. Det er kjekt å sjå korleis andre skular gjer det. Det ser ut til at Europa samlar seg om same utdanningssystem, seier rektor ved ein skule i Sevilla, Spania, Eduardo Terren Rodriguez.
Han er ein av tre spanjolar som er i Bergen for å bli kjent med samarbeidslæringa ved Bjørgvin videregående skole. På skulen treffer vi han på kjøkkenet i ferd med å lage mat.
- Ja, vi skal lage til internasjonal lunsj i kantina, og vi har alle med oss mat heimefrå. Eg har teke med denne pølsa, ein typisk spansk spekepølse. Sjå her, skal du få smake, seier han og skjer av ein bit.
Kvinnene er høge
- Eg er flink til å lage mat og likar å stå på kjøkkenet.
Om Bergen seier han at klimaet er bra.
- Eg synest ikkje det er kaldt. Bergen fin, men annleis enn Spania. Det er grønt her. Folk er sympatiske, og kvinnene her er svært høge.
Debatt om religionsundervisinga
Sjølv om han ser at Europa samlar seg om same utdanningssystem, er det ein forskjell i Spania.
- For tida har vi stor debatt om religionsundervisinga. Det er nemleg kyrkja som avgjer kven som skal vere lærar i religion og kva dei skal undervise i.
Til dømes kan ikkje ei skilt kvinne bli lærar i religion, og debatten går på eit tilfelle om ei kvinneleg religionslærar som er blitt skilt, skal miste jobben, seier den spanske rektoren.
Sjå bilete frå den internasjonale lunsjen ved Bjørgvin videregående skole

Bjarte Brask Eriksen