- Etter at Møre og Romsdal fylkesting takka ja til invitasjonen om å delta i Vestlandsrådet, vil dermed alle vestlandsfylka delta i dette spennande samarbeidet. Vi bør bli ein slagferdig firkløver, sa fylkesordførar Gisle Handeland då han opna Hordaland f

Samordne saker
Handeland meiner dei fire fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, og Møre og Romsdal blir ein slagferdig firkløver, ikkje minst i arbeidet med å ta opp og samordne saker av felles regionalpolitisk interesse for landsdelen.
Større tyngde
- Med felles åtferd gjennom Vestlandsrådet vil vi med større tyngde kunne fremje våre ønskjer om overtaking av statlege oppgåver og påverke statlege rammevilkår.
Rogaland fylkesting godkjente vedtektene i førre veke, og parallelt med fylkestinget vårt blir saka behandla i fylkestinga i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane denne veka, sa fylkesordføraren.
Handlingsplan
Det konstituerande møtet i Vestlandsrådet skal vere i Stavanger 8. januar. Den første hovudoppgåva til rådet blir å utarbeide ein handlingsplan som skal behandlast i fylkestinga i juni neste år.
Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland
Bjarte Brask Eriksen