Vurderer å leggje ned vidaregåande skule i Bergen

Komité for næring og utdanning vurderer å leggje ned ei vidaregåande skule i Bergen sentrum for å utnytte kapasiteten ved skulane i distriktet. Det kan bli resultatet om ikkje Hordaland fylkeskommune får tildelt meir pengar til skulane. I alt må skulane

Komiteen peikar på at staten ikkje har gitt Hordaland fylkeskommune full kompensasjon for sjukehusreforma, og fylkeskommunen slit difor med stor lånegjeld. Dette går no utover undervisningsbudsjettet og elevane i Hordaland med eit dårlegare skuletilbod i åra framover.

To millionar til vaksenopplæring
Men sjølv om komiteen går inn for store nedskjeringar, vil den ikkje røre vaksenopplæringa og går inn for å overføre to millionar kroner frå idrettshallen i Sund. Dei fylkeskommunale to-millionane til idrettshallen blir i staden tilrådd utbetalt i 2004.
Komiteen ønskjer heller ikkje å skjere ned på stillinga som husflidskonsulent, som er ein svært viktig funksjon for husflidsnæringa og reiselivet og vil løyve 75.000 kroner til den.

Med bakgrunn i elevtalsauken og målsetjinga om eit betre skuletilbod, treng den vidaregåande skulen i Hordaland auka rammer i åra framover for å behalda eit desentralisert skuletilbod, og eit tilbod om best mogeleg kvalitet til alle elevane våre.
Konsekvensen dersom undervisningsbudsjettet ikkje får tildelt meir midlar i budsjett/økonomiplan, kan bli så dramatisk at ein sentral byskule vert vurdert nedlagt for å utnytta kapasiteten i distriktsskulane i staden.
Dette vart tilrådd av A, KrF, V og SP. Dei fem frå H, Frp og ei frå SV røysta imot.

Mangel på elevplassar
Komiteen gjer følgjande oppsummering over kva konsekvensane nedskjeringane kan få for elevane:
- Eit redusert desentralisert skuletilbod
- Høgare skyssutgifter, og fleire som må bu borte frå heimen.
- Med nedskjering av klassetalet kan det bli mangel på elevplassar i vekstområda i åra framover. (Hordaland har ein elevtalsauke på om lag 3700 elevar fram til 2008).
- Ei dreiing frå yrkesfag til allmennfag vil ramma det yrkesretta næringslivet.
- Den lovpålagde vaksenopplæringa vert redusert i strid med realkompetansereforma.

Saka går vidare til fylkesutval og fylkesting.

Les heile pressemeldinga frå komiteen

Bjarte Brask Eriksen

21.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart