Vellukka haldningsskapande tiltak blant russen

I skoleåret 2001-02 sette Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune i verk ei rad tiltak for å a) sikre tryggleiken til russen, b) sikre så gode skoleprestasjonar som mogleg, c) korte ned på lengda på russefeiringa, d) redusere kostnadene ved feiringa

Nytt prosjekt
Fylkesrådmannen rår til at det blir etablert eit nytt prosjekt for arbeid med ulike sider ved russefeiringa i skoleåret 2002-03. Hovudinnsatsar blir å skipe ei såkalla ”russegruppe” samansett av representantar frå både interne og eksterne instansar, å laga bindande avtalar mellom skoleeigar/skoleleiing og russen og å fremje det haldningsskapande arbeidet blant avgangselevane. Våren 2003 skal det gjennomførte arbeidet vurderast ved spørjeundersøking blant dei aktuelle elevane.

Komiteen for næring og utdanning tar saka om russefeiring til orientering og sluttar seg til fylkesrådmannen sine forslag for russekullet 2002-03.

Nils Marton Aadland

23.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart