Uheldig med auka busstakstar

Komité for miljø og samferdsel i Hordaland ser det som særs uheldig at det er lagt opp til ny prisauke på kollektivtrafikken frå 1. januar neste år, og vil minne om lovnadene frå sentrale styresmakter om meir pengar til kollektivføremål.

Eit forslag om dette vart tilrådd med 13 røyster av A, Sp, KrF, H, SV, RV og den uavhengig Cathrin Rustøen.
Dette fleirtalet ser og behovet for å auke løyvingane til drift og vedlikehald av fylkesvegane. Neste år er det avsett 90 millionar kroner, mens vegsjefen ønskjer å auke dette med 30 millionar.
I budsjettet for neste år vil komiteen arbeide for å styrkje tiltak som gjeld kollektivtransport, drift og vedlikehald av fylkesvegar, trafikksikringstiltak og transporttenesta for funksjonshemma.

Saka går vidare til fylkesutval og fylkesting.

Les heile pressemeldinga frå komiteen.

Bjarte Brask Eriksen

22.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart