Positiv til Tinfos Titan, men uroleg for Sørfjorden

Ut frå sysselsettingssituasjonen i indre Hardanger er det positivt at ei verksemd som Tinfos Titan og Iron ønskjer å auke produksjonen i verksemda. Fylkesutvalet vil likevel uttrykkje uro for miljøsituasjonen i Sørfjorden.

Fylkesutvalet peikar på at før ein gjev løyve til ytterlegare utslepp må ein sikre at det vert nytta best mogeleg teknologi og strenge reinsetiltak slik at miljøtilstanden i Sørfjorden ikkje vert forverra, heiter det i Hordaland fylkesutval si fråsegn til søknaden frå verksemda om fornya utsleppsløyve.

Med bakgrunn i fylkesdelplan for energi 2001-2012 peikar fylkesutvalet peike på at tiltak som kan redusere spillvarmeutsleppet og auke energieffektiviteten i produksjonen må prioriterast høgt.
Då det ikkje er utført konsekvensutgreiing for tiltaket, må fylkesutvalet overlate til aktuelle fagstyresmakter å ta stilling til om dei konkrete utsleppa av enkeltkomponentar til luft og vatn er akseptable ut frå aktuelle grenseverdiar for helse og biologisk mangfald.

Tinfos Titan og Iron ønskjer å auke produksjonen med 22 prosent og søkjer utsleppløyve i samband med dette.

Stanley Hauge

28.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart