
På biletet er Torbjørn Aasen som fekk oppfinnarprisen 2000 for ein reingjeringsrobot.
Personar som ønskjer å realisere ideane sine blir oppmoda til å sende desse inn for vurdering.
Årleg sidan 1993
Oppfinnarprisen for Hordaland har vore delt ut årleg sidan 1993 – med unnatak av 2001.
Prisen vil i år bli delt ut under den nasjonale Nyskapingskonferansen, der gründerar, investorar, nyskapande verksemder og verkemiddelapparatet er samla. Konferansen blir arrangert på Bergen Kongressenter 5.-7. november.
Nyskapande og realiserbare
Det vil bli lagt vekt på at ideane skal vere nyskapande, realiserbare og at søkjaren ønskjer å føre ideen fram mot ferdig produkt/teneste. Kvar søkjar kan delta med inntil tre søknader/idear. Søkjarane blir oppmoda om å leggje ved relevant dokumentasjon på det arbeidet som er gjort for å realisere ideen og eventuelle modellar. Dokumentasjon, modellar og liknande som ligg ved søknaden, blir sendt i retur etter prisutdelinga.
Jury
Ein breitt samansett jury er oppnemnt for å vurdere søknadane. Juryen har teieplikt og søknadane vil ikkje bli offentlege. Ideane blir sikra konfidensiell handsaming, og presentasjonen av vinnarideane vil bli utforma i samråd med prisvinnar.
Søknadsskjema og retningsliner for 2002 kan ein få ved å kontakte Hordaland fylkeskommune, Næringsseksjonen, på tlf. 55 23 93 06 eller kommunane og tiltakskontora i Hordaland.
Du kan også laste ned søknadsskjema og retningsliner frå http://naringsseksjonen.hordaland-f.kommune.no.
Les meldinga i word-format
Nils Marton Aadland