Ønskjer gratisferje i Masfjorden

Komité for miljø og samferdsel i Hordaland vurderer å innføre eit prøveprosjekt med gratis kabelferje på sambandet Duesund-Masfjordnes. Komiteen ber om å få framlagt ei vurdering av dette til neste møte, 19. september.

Kabelferjesambandet Masfjordnes – Duesund er eit pilotprosjekt i norsk samanheng. Ferja KS ”Fjon – M” har ei besetning på 1 mann og blir driven av reiarlaget Wergeland Halsvik.

Rimeleg
Hovudintensjonen med kabelferjesambandet var å etablera eit rimelegare ferjesamband som dermed kunne gje lenger opningstid og hyppigare frekvens.

Snudde
Då sambandet vart planlagt, var det ei føresetnad at det skulle berre vere ei besetning på 1 mann, men då ferja skulle setjast i drift i fjor, snudde Sjøfartsdirektoratet og stilte krav om ei besetning på 2 mann. Etter at klage vart sendt og saka vart teken opp politisk i Hordaland, snudde Sjøfartsdirektoratet igjen, og kabelferja kunne setjast i drift med ei besetning på 1 mann.

Bjarte Brask Eriksen

26.08.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart